skip to Main Content
Presekrage

Forprosjektet «Kommunestruktur i Vest-Telemark» er basert på stortingets vedtak om å starte «kommunereform i Noreg» junli 2014. Prosjektet er knytt til Vest-Telemarkkommunane; Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.   

Fakta om prosjektet

Prosjektperiode: april 2015 – mai 2016

Organisering: 

PE: Kommunane i Vest-Telemark

PA: Øysten Tveit, Rådmann i Kviteseid kommune

PL: Kjell Gunnar Heggenes, adm. VTR

Styringsgruppe: Ordførarane, rådmennene, ein hovudtillitsvald og eitt hovudverneombod (14 totalt).

Mandat for prosjektet

Mandat for forprosjketet var fastsett i ekstra rådsmøte 17. mars 2015 der det vart gjort slikt einstemmig vedtak:

«Vest-Telemarkrådet startar opp forprosjektet og ber prosjektleiar setje i gang arbeidet frå vedtaks dato. Fyrste møte i styringsgruppa for prosjektet vert fastsett til 11. mai kl. 9.00 i næringshagen i Kviteseid. 

Retningar som er klare for vidare arbeid i forprosjektet er:

  • Vidareføring av dagens kommunestruktur med meir forpliktande samarbeid.
  • Mogleg samanslåing av Seljord, Nissedal og Kviteseid. Her er det føresett at Kviteseid kommunestyre fattar vedtak i komande møte 7. mai.
  • Mogleg samanslåing av Fyresdal og Tokke.

Andre aktuelle alternativ nemnt i politiske vedtak, er samanslåing av Tokke og Vinje og samanslåing av Fyresdal, Tokke og Vinje. Desse 2 alternativa er gjenstand for nærare samtaler mellom dei aktuelle kommunane.»

Eiga heimeside for prosjektet

Du finn utfyllande informasjon frå prosjektet på nettsidene her: http://kommunestrukturivesttelemark.no

Sluttrapport og konklusjon

Sluttrapport for prosjektet kan du laste ned på denne sida.

Konklusjon

På bakgrunn av dei politiske vedtaka i kommunane er det ikkje er grunnlag for å gjennomføre samanslåing av kommunar i Vest-Telemark.

 

Blogginnlegg knytt til prosjektet

3-årig prosjektstilling som digitaliseringskoordinator

Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon…

Prosjektskjønn – regionrådsekretærene og Fylkesmannen

Fylkesmannen i Telemark samler regionrådsleierane i Telemark for felles koordinering og dialog knytt spesielt til bruk av skjønnsmidler, og generelt…

Saksgrunnlag til kommunestyra – prosjekt «Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark»

Status 29. august 2017 Dette dokumentet tar for seg kvart av dei fem prioriterte tiltaka med fagleg tilråding i rapportane,…

Møte på Tuftin Fjellgard 23. mai 2017

23. mai var det Vinje kommune sin tur til å hyse møtet i Vest-Telemarkrådet. Valet av stad fall på Tuftin…

Back To Top