Ordførarane i dei seks kommunane i Vest-Telemark utgjer Vest-Telemarkrådet, med varaordførarane som personlege vararepresentantar.
Oppgåver
Saman med regionrådsleiaren skal rådet stå for den daglege drifta av regionsamarbeidet i Vest-Telemark.
Arbeidsprogram
Rådet skal kvart år utarbeide budsjett for komande år, medan forslag til arbeidsprogram vert utarbeidd annakvart år. Arbeidsprogrammet er retningsgjevande for rådet sitt arbeid, og kan også innehalde saker og tiltak som krev arbeid over fleire år. Forslaga vert lagt fram for Vest-Telemarktinget til endeleg godkjenning.
Rådet søkjer å ha ein god dialog med næringslivet i regionen.
Opne møte
Møta i Vest-Telemarkrådet er opne for ålmenta, og datoar vert fastsett i ein årleg møtekalender. Innkalling sendast til ordførarar og rådmenn og til informasjon til kommunestyrerepresentantane i dei seks kommunane. Fylkeskommunen og Fylkesmannen får også kopi av innkallinga.
To gonger i året er det møte i Vest-Telemarktinget, som består av fire representantar frå kvar kommune. Vest-Telemarktinget er det øvste organet for Vest-Telemarkrådet.
Representantar 2020-2021
Regionordførar
Jarand Felland, ordførar i Tokke
Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal
Beate Marie Dahl Eide, ordførar i Seljord
Regionvaraordførar
Halvor Homme, ordførar i Nissedal
Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje
Bjørn Nordskog, ordførar i Kviteseid
Rådmennene deltek i møta og har møte og talerett:
Jan Myrekrok, rådmann i Vinje
Une Marit Tangen, rådmann i Fyresdal
Rikke Raknes, rådmann i Seljord
Sverre Sæter, rådmann i Nissedal
Finn Arne Askje, rådmann i Tokke
Øystein Tveit, rådmann i Kviteseid