skip to Main Content

På bloggen vår finn du oppdatering på kva vi jobbar med for tida. Mykje av vårt daglege arbeid er knytt til rolla vår med å koordinere og organisere samarbeidet i Vest-Telemark, og noko av dette deler vi i blogginnlegga, saman med oppdatering på konkrete samarbeidsprosjekt.

Siste innlegg

Konferanse om velferdsteknologi 1. april – AVLYST

På grunn av koronaviruset og felles dugnad for å redusere smitte, er konferansen om velferdsteknologi 1. april på Granvin avlyst. Me håpar å arrangere konferansen på eit seinare tidspunkt.

Stillingsslepp

Stillingsslepp i Vest-Telemark

Vest-Telemarkrådet inviterer no alle verksemder i Vest-Telemark til å vere med på eit felles slepp av ledige jobbar i regionen. Målet er å marknadsføre regionen og tiltrekkje seg fleire innbyggjarar. Enkelt og gratis Utviklingsleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet seier at…

Tydelege innspel frå Vest-Telemark

Regjeringa har sett ned eit distriktsnæringsutval, som skal arbeide fram politikk for korleis næringslivet i distrikta kan få betre vilkår. Utvalet inviterte til innspelsmøte i Oslo den 17. februar, og utviklingsleiar Johannes Rindal la fram innspel på vegne av Vest-Telemarkrådet,…

Veikonferansen 2020

Nye tunnelar no!

Nærare 200 var samla til E134konferanse i Tysvær.   Uhaldbar situasjon Vegentusiastar frå begge sidar av fjellet fekk høyre engasjerte innlegg frå politikarar, fagfolk og næringsliv. Utfordringane med dagens veg vart godt belyst. Det er svært krevjande for næringslivet å…

Klimasamtale

Strålande konferanse

Klimautfordringa – kva kan vi gjere? var hovudtemaet for årets Vest-Telemarkkonferanse. Svaret etter ein dag med ulike innlegg er utan tvil: Svært mykje! Taktskifte Hovudinnleiar Beate Nossum frå Footprint innleia om det taktskiftet som er på gong for å finne løysingar og få ned klimagassutsleppa. Ho…

Heile Kollegiet Samla I Vinje

Godt møte mellom midt og vest

Vest-Telemark og Midt-Telemark har mange felles utfordringar, og mykje å samarbeide om. Det er konklusjonen etter det fyrste fellesmøtet mellom Vest-Telemarkrådet og Nome og Midt-Telemark Interkommunale Politiske Råd. Politikarar og kommuneleiing frå Nome og Midt-Telemark kom til eit Vest-Telemark bada i…

Prosjektleiarar I Vest-Telemark (f.v): Kristin Aamot (Seljord), Gry Synøve Åmlid (Fyresdal), Anne Guro Hommo (prosjektleiar), Helene Todal Skindalen (Kviteseid), Astrid Hegglid (Tokke) Og Solveig Loftsgarden (Vinje). Arne Hansen Espebu (Nisseda) Er Ikkje Til Stades På Bilete

Saman om velferdsteknologi i Vest-Telemark

- Satsinga på velferdsteknologi vil kunne gje brukarane auka livskvalitet og i større grad mogelegheit til å leve sjølvstendige liv. Velferdsteknologi vil også bidra til auka kjensle av tryggleik for pasient og pårørande og medverke til kvalitetssikring

Eit aktuelt og spennande program

-Vi er svært stolte over å kunne presentere eit så godt program til årets Vest-Telemarkkonferanse, seier regionrådsleiar Anne Aasmundtveit. Den tradisjonsrike Vest-Telemarkkonferansen blir arrangert for 17. gong den 5. februar. Tema for året er klima, berekraft og korleis vi jobbar…

Fylkeslogo

Fylkestinget til Vest-Telemark

Tradisjonen tru vart desembermøtet i fylkestinget arrangert på Straand Hotel i Vrådal. Det nye fylkestinget for Vestfold og Telemark behandla fleire viktige saker, mellom anna budsjettet der omtrent 5 milliarder vart fordelt. Ordførar Bjørn Nordskog ønska fylkestinget velkommen til Kviteseid,…

Avtroppande Regionordførar Gir Klubba Til Ny Regionordførar Jarand Felland

Vest-Telemarktinget staka ut kursen for 2020-21

Det nye Vest-Telemarktinget var samla i Treungen til sitt fyrste møte 10. desember 2019. Møtet starta med ein presentasjon av alle tingmedlemmar og administrasjonen i rådet.  Det var fleire viktige saker for regionen som skulle handsamast i møtet.   Ny regionordførar Jarand Felland, ordførar…

Frivilligsentralane må styrkast, ikkje byggjast ned!

Høyringsuttale: Vest-Telemarkrådet krev at den varsla omlegginga av tilskotet til frivilligsentralane vert stoppa. Frivilligsentralane har dei siste tretti åra bygd opp ein unik kompetanse. Dei organiserer meir enn 50 000 friviljuge, dei fleste brukar tida si på aktivitetar retta mot…

Dag Rorgemoen Orienterer Om Arbeidet Med Bygninsvernsenter

Rådsmøte i Fyresdal næringshage

Vest-Telemarkrådet hadde møte i Fyresdal næringshage 12. november. Det var mange og viktige saker på dagsorden. Møtet starta med at ordførar i Tokke Jarand Felland ga ei statusoppdatering om arbeidet med ny domstolstruktur. Rådet vedtok at ei uttale i saka…

Johannes Rindal Gir Rådet Status For Arbeidet Knytt Til E134/R41

Rådsmøte på Norsk Skieventyr

Vest-Telemarkrådet hadde møte på Norsk Skieventyr tysdag 15. oktober 2019. Rådet tok stilling til fleire viktige saker for Vest-Telemark. Møtet starta med to orienteringar. Akuttkjedeprosjektet vart presentert av Kine Jordbakke, prosjektleiar i akuttkjedeprosjektet Telemark og kommuneoverlege i Seljord, og Kari…

Lagbygging og kurs på Gardermoen

8. og 9. oktober reiste dei tilsette i administrasjonen i Vest-Telemarkrådet til Gardermoen for lære meir om kommunal rekneskapsføring. Asbjørn O. Pedersen frå Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund presenterte mykje interessant og relevant informasjon, ikkje minst om kva den nye…

Vest-Telemark Tingrett

Utfordrar rettstryggleiken til innbyggjarane!

Foto: Vest-Telemark blad Pressemelding frå Vest-Telemarkrådet – Dette er fullstendig uakseptabelt, seier regionordførar Jon Rikard Kleven om framlegget om å leggje ned tingretten og jordskifteretten i Kviteseid. Han varslar no politisk kamp for å styrke domstolane i regionen. Dette framlegget…

Hand som skriv.
Skorve i Flatdal. Foto: Audny Barstad
Back To Top