skip to Main Content

På bloggen vår finn du oppdatering på kva vi jobbar med for tida. Mykje av vårt daglege arbeid er knytt til rolla vår med å koordinere og organisere samarbeidet i Vest-Telemark, og noko av dette deler vi i blogginnlegga, saman med oppdatering på konkrete samarbeidsprosjekt.

Siste innlegg

Fyrste møte i styringsgruppa

I styringsgruppa sit ordførarane og rådmennene i dei 6 kommunane pluss ein hovudtillitsvalt og eitt verneombud.  (Anne Mette Momrak og Svein Ekre)I tillegg møtte også Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarksforsking og oss 2 frå Vest-Telemarkrådet(Ole og Kjell Gunnar)Styringsgruppa gjekk på…

Møte med rådmennene

Takk til rådmennene for at vi fikk dette møtet på svært kort varsel !Som eit ledd i prosessen skal det veljast forhandslingsutval med mandat frå kommunestyret. Fyrst ute med politisk handsaming er Kviteseid og Seljord som handsamar denne saka i…

God tilbakemelding frå Fylkesmannen

I dag var vi på møte med Fylkesmannen og la fram forlag til prosjektplan, framdriftsplan og informasjonsplan.Frå Fylkesmannen møtte Per Dehli, Anne Spånem og Stein Elseth.Tidlegare har Fylkesmannen uttrykt bekymring for framdrifta i vår region, og det var flott å…

Prosjektplan og mediastrategi

I dagens møte med Telemarksforsking har vi jobba med prosjektplan og mediastrategi.Frå Telemarksforsking deltok Bent Aslak Brandtzæg og Gunn Kristin Leikvoll.Møtet hadde stor fokus på mediestrategi der bloggen inngår som ein viktig kanal for informasjon om prosjektet.Bloggen skal bidra til…

Vegen framover

  Skissa viser framdrifta i prosjektet med fylgjande milepælar: M1: Oppstart prosjektarbeidet M2: Styringsgruppemøte M3: Mediestrategi, innbyggar-involvering og informasjonsarbeid M4: Utgreiingsarbeid M5: Vegval for samanslåing eller vidareutvikling av samarbeidet M6: Intensjonsavtaler M7: Innbyggarhøyring/folkerøysting M8: Kommunale vedtak

Vest-Telemarktinget – status i arbeidet

Vest-Telemarktinget (som er regionrådets høgste organ, og består av ordførar, varaordførar, opposisjonsleiar og rådmann i kvar av dei 6 kommunane) hadde møte i dag 28. april i Fyresdal Næringshage. Tinget fekk på møtet ei nærare oppdatering frå arbeidet med kommunereformen.…

Forprosjektet i Vest-Telemark

No er vi i gang ! I møte 24. april vedtok Vest-Telemarkrådet å starte opp forprosjektet som gjeld framtidig kommunestruktur i Vest-Telemark. Prosjektet skal greie ut fylgjande alternativ: - Mogleg samanslåing av Seljord, Kviteseid og Nissedal - Mogleg samanslåing av…

Hand som skriv.
Skorve i Flatdal. Foto: Audny Barstad
Back To Top