Vest-Telemarkrådet hadde møte i Oslo 24. mai. Det var eit innhaldsrikt møte med orienteringar frå både Husbanken og NAV, og det faste møtet med telemarksbenken på Stortinget. Husbanken er oppteken…

UTVIKLINGSLEIAR – SAMFUNN OG NÆRING
Vi søkjer ein dyktig, målretta og engasjert utviklingsleiar til å ta aktiv del i samfunns- og næringsutviklinga i Vest-Telemark.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe strategisk med infrastruktur, særskilt samferdsel, både på kort og lang sikt
- Vera pådrivar mot sentrale styresmakter, slik som storting, departement og fylkeskommune
- Initiere, delta i og/eller leie større samfunns- og næringsprosjekt
- Medverke til organisasjons- og tenesteutvikling i kommunane
Følgande utdanning og kvalifikasjonar vil bli vektlagt
- Mastergrad/bachelorgrad frå relevant fagområde
- Overordna forståing for samfunnsutvikling og utfordringar distrikta står overfor
- Erfaring frå privat næringsliv, offentleg forvalting og/eller politikk
- Evne til å jobbe strukturert
- Evne til å bygge relasjoner og skape entusiasme
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Skriftleg målform er nynorsk.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100% i fast stilling
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Kontorstad i stort fagleg fellesskap i næringshagen i Kviteseid sentrum
Søknad sendast på epost til aa@vt-radet.no innan 15. juli 2022. Har du spørsmål så ta kontakt med Anne Aasmundtveit på telefon 402 38 178.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast på intervjuet. Det er krav om førarkort og eigen bil.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid framkjem av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppfordringa ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25
Vest-Telemarkrådet er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Rådet arbeider for at regionen skal vera attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving.