Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Medlemane av Vest-Telemarktinget hadde eit variert og innhaldsrikt program på deira møte i april.
Lien Fjellgard tok imot tinget i strålande vårvêr. Familiegarden blir no drive av 12. generasjon, og her sit det mykje historie i veggane.
Vest-Telemarktinget handsama årsrekneskapen og årsmelding for 2021. Sjølv om koronaen har prega fjoråret, har det vore mykje aktivitet. Vest-Telemarkrådet hadde mellom anna eit godt møte med Setesdal interkommunalt politisk råd for å drøfte felles saker og utfordringar. Det har vore tre møte med Telemarksbenken på Stortinget. Dette er viktige møte for å løfte saker og tema som er viktige for Vest-Telemark. Dei store prosjekta på digitalisering og velferdsteknologi vart avslutta. Vest-Telemarkrådet har vedteke å vidareføre arbeidet med dette i ei ny fast stilling.
Ein regional nullvisjon – null drepte og skadde ved bruk av motoriserte køyretøy i Vest-Telemark er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med kommunane, rådet og politiet. Tinget vedtok å leggje planen ut på brei høyring. Det er spesielt viktig å få innspel frå ungdomsråda, foreldre, kommunane og frivillige lag og organisasjonar. Høyringsfristen er 31. august.
Den regionale klimaplanen for Vest-Telemark har vore på høyring. Det kom 18 innspel, og referansegruppa for planen har gjort eit stort arbeid for å innarbeide høyringsinnspela. Det var gode presentasjonar av dei ulike temadelane av planen. Tinget vedtok å tilrå kommunane å vedta planen. Endeleg vedtak skjer i dei 6 kommunestyra.
Kjetil Bjørklund er fagleiar i KS, og orienterte for tinget om KS sitt arbeid med sirkulær økonomi og korleis kommunane kan bidra til å nå klimamåla. Kommunen si rolle som planmyndigheit og den store innkjøpsmakta til kommunane er viktige bidrag for å få ned utsleppa. Utviklinga går fort og det er viktig å sjå på korleis ein kan realisere samfunnsmål og lokale kvalitetar samtidig. Det er mogleg å bli meir sirkulære og samtidig utvikle lokalsamfunn.
Samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland fortalde om tilbodet rask psykisk helsehjelp, som det no blir vurdert å innføre i Vest-Telemark. Dette skal vere eit lågterskeltilbod der ein ikkje treng henvisning. Erfaringar frå andre kommunar syner gode resultat. Ei arbeidsgruppe har sett på korleis ein kan lage eit tilbod som passar for regionen. Kommunane får saka på bordet før sumaren.
Dagleg leiar i Pedagogisk-Psykologisk Teneste (PPT) Vest-Telemark, Kjersti Bollerud, fortalte om status for samarbeidet, og arbeidet med oppfølging av Stortingsmeldinga om spesialundervisning. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom kommunane og PPT for å kunne jobbe systematisk og gje elevar tilpassa opplæring.
Bjørg Minnesjord Solheim presenterte bedrifta Telespinn. Dei arbeider med foredling av ull, og er opptekne av å ta vare på gamle tradisjonar og sjå samanhengen mellom natur, kultur og næring. Det er mykje kunnskap og handverk som er viktig å ta vare på. Bedrifta er nyleg tildelt 3 millionar kroner til eit forskningsprosjekt for å sjå på korleis ein kan få ei betre utnytting av ulike ulltypar.
I samband med bygging av tunnel på E134 mellom Gvammen og Århus vart det sett av 40 millionar til gang- og sykkelveg på gamlevegen. Etter lokale initiativ vart det bestemt at pengane skulle brukast meir heilskapaleg, og utvikle tur- og sykkelturismen langs vegen frå Århus, gjennom Flatdal og Svartdal og til Gvammen. Dette munna ut i prosjektet Opplevingsvegen om Nutheim, som vart presentert ved næringssjef i Seljord Asbjørn Storrusten og prosjektleiar i Faun Monica Sølyst. Det er satsa på opparbeiding av sykkelruter, merking og skilting, dagsturhytter, utkikkspunkt og kunst og kultur langs vegen.
Neste møte i Vest-Telemarkrådet er 24. mai i Oslo. Då er det mellom anna møte med Husbanken, og møte med Telemarksbenken på Stortinget.