Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemarkrådet var samla til møte på Rauland 22. mars.
Ordførar Jon Rikard Kleven ynskte velkommen til kommunen og fortalde om historia til Rauland og området rundt, med vekt på kultur, natur, verdsarv, turisme og naturressursar. Ei viktig erfaring frå den utviklinga som har vore er at fellestiltak og infrastruktur må sikrast når planar blir vedteke slik at det blir bygd ut tidsnok. Det pågår mange viktige prosessar for korleis korleis Rauland skal utvikle seg vidare, og kommunestyret skal ta endeleg stilling til planane før sumaren.
Instituttleiar Stian Roland ved USN Rauland orienterte om status for Campus Rauland. Dei får eit stadig meir komplett studietilbod. USN Rauland har både gradsstudium på heiltid eller samlingsbasert, og ulike tilbod innan etter- og vidareutdanning. Dette studieåret er det om lag 160 studentar, som nesten er ei dobling på 5 år.
Rehabiliteringssenteret AiR er ei av dei største verksemdene i Vest-Telemark. Direktør Svein Kostveit og spesialrådgjevar Solveig Svardal frå Rehabiliteringssenteret AiR fortalde om det spennande arbeidet som skjer knytt til arbeidsretta rehabilitering. Forskning syner at tett oppfølging og opphald på AiR har god effekt på brukarane, som sidan oppstarten har endra seg frå fysisk slitne industriarbeidarar til brukarar med eit meir samansett sjukdomsbilete. AiR si nyaste satsing er mot unge, for å sikre at fleire kjem inn i arbeidslivet og ikkje bli uføre i ung alder.
Rådsmøtet handsama rekneskap og årsmelding for 2021, som skal endeleg godkjennast av Vest-Telemarktinget på deira møte i Seljord i april. Årsmeldinga syner stor aktivitet på trass av coronaen, og mange spennande tiltak og prosjekt for å utvikle Vest-Telemark.
Rådet vedtok høyringsuttale på ny fylkesvegstrategi, som er viktig for korleis kvardagsvegane i regionen vår skal oppgraderast og bli betre.
Status i småbruksprosjektet var presentert. Til no har 281 eigarar fått brev med info om prosjektet, og 44 har sagt ja til at deira eigedom kan vere aktuell for sal eller utleige. Småbruksprosjektet er eitt av fleire tiltak Vest-Telemarkrådet jobbar med å få fleire innbyggjarar i Vest-Telemark.