Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Eit Fyresdal i vakker vinterdrakt var ei fin ramme rundt Vest-Telemarktinget 7. desember.
Tingmøtet i desember er det høgaste organet i Vest-Telemarkrådet, der formelle saker som budsjett og handlingsplan vert vedteke. Samstundes er møtet òg ein arena for å diskutere regionale saker og bli oppdatert på viktige tema for regionen.
I budsjettet for 2022 er det lagt opp til vidare satsing på digitalisering og velferdsteknologi, ei satsing Vest-Telemarkrådet har hatt ansvar for sidan 2018. Dette er eit viktig koordineringsarbeid for å skape betre tenester i samarbeid med kommunane. Det er òg løyvd pengar til regional reiselivsstrategi og prosessen med å sertifisere Vest-Telemark som berekraftig reisemål. Handlingsplanen legg opp til mange ulike tiltak for å få fleire innbyggjarar og arbeidsplassar til regionen. Mellom anna blir småbruksprosjekt og stillingsslepp vidareført. Rådet har ein ambisjon om å “setje viktige politiske saker på dagsorden og jobbe for gjennomslag for desse.” Dette møtet var ikkje noko unntak:
Vest-Telemarktinget vedtok ein uttale om domstolstruktur som ber om at den sjølvstendige tingretten i Vest-Telemark og Øvre Telemark jordskifterett blir gjenoppretta. Regjeringa har i Hurdalsplattforma sagt at ein vil reversere domstolreforma dersom kommunane ynskjer dette.
Det var lagt opp til fleire aktuelle orienteringar i siste del av møtet. Aasmund Rinde, dagleg leiar i Telefiber, orienterte om utviklinga i selskapet og planane framover. Telefiber har teke over oppfølginga av kundar i regionen som har Altibox, og har satsa mykje på å utvikle kundeservice og byggje kompetanse i eigen organisasjon.
Knut Inge Skoland, leiar for prehospitale tenester i Sjukehuset Telemark, snakka om situasjonen rundt ambulansar og akutte oppdrag i regionen. Talet på turar aukar stadig, med ein vekst hittil i år på 21 % samanlikna med 2020. Det er fleire grunnar til dette, mellom anna fleire eldre, responstid, og nye kriterium for kva som utløyser ein tur. Det blir jobba mykje med å få ned responstida, mellom anna ved å plassere ut ambulansar fleire stader i feriar og høgtider. Sjukehuset jobbar mykje med å utvikle tenesta, mellom anna ved å satse på eigne bilar for sjuketransport (som ikkje er akutt/hastar) og legebil/legevaktbil. Dette er naudsynt for å avlaste ambulansane, slik at dei er disponible til det som er tidskritisk. Utstyret i bilane blir stadig betre, og ein kan diagnostisere og starte behandling på stadig fleire skader/sjukdomar mens pasienten er i transport mot sjukehus.
Politikontakt Bjørn Håvard Olsen og seksjonsleiar Trond Neri Flothyl oppdaterte forsamlinga på korleis politiet jobbar i Vest-Telemark. Dei understreka av førebygging er hovudmålet på alle område, og at samarbeidet med kommunale er heilt avgjerande. Alle kommunar i Vest-Telemark arbeider no kring SLT-modellen, som betyr samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak. Vest-Telemarkrådet arbeider saman med kommunane, politiet og friviljuge lag og organisasjonar om å lage ein nullvisjon for null drepne og hardt skadde ved bruk av motorisert ferdsle i Vest-Telemark.
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen orienterte om aktuelle saker frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. Den økonomiske stoda er grei, men fylkeskommunen har høg gjeld og det er store behov både på drift og investeringar. Fylkeskommunen arbeider no med ny fylkesvegstrategi og nytt handlingsprogram for investeringar i fylkesveg, eit arbeid Vest-Telemarkrådet vil engasjere seg sterkt i. Det blir satsa på den vidaregåande skulen på Dalen. Fylkessenteret som er under etablering i Seljord er spennande nybrottsarbeid, og staten er utfordra til å fylle på med fleire arbeidsplassar. Fylkesordføraren utfordra Vest-Telemarkrådet til å ta Hurdalserklæringa i bruk, ved å vise korleis Vest-Telemark kan bidra til å nå nokre av dei politiske målsetningane til regjeringa. Han trakk spesielt fram industri, bygdevekstavtaler, nærtenestesenter og utflytting av statlege arbeidsplassar.
Avtroppande regionordførar Jarand Felland snakka om status for Vest-Telemarksamarbeidet og trakk linjene attende til etableringa i 1993. Han understreka av samarbeidet er med på å sikre det gode tenestetilbodet som er i kommunane våre. Samarbeid med andre regionråd er nyttig, og dei siste to åra har Vest-Telemarkrådet teke initiativ til møte med Midt-Telemark interkommunalt politisk råd, Kongsbergregionen og regionrådet i Setesdal.