skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet tok turen til Oslo 16.-17. november. Det var ein innhaldsrik tur med både eige rådsmøte og møte med telemarksbenken på Stortinget.

Erik Lillebråten frå Norsk Kulturarv orienterte om det viktige arbeidet dei gjer. Norsk Kulturarv sitt motto er vern gjennom bruk, noko dei viser gjennom til dømes utdeling av Olavsrosa, restaureringsaksjonen ta et tak og skuleopplegga rydd eit kulturminne og www.kulturarvskulen.no. Lillebråten trakk fram at tilgong på tjære og mangel på handverkarar er kritiske faktorar for å kunne ta vare på kulturarven vår framover. Vest-Telemarkrådet har engasjert seg i arbeidet for å få på plass eit bygningsvernsenter med base på Vest-Telemark museum.

Rådet handsama ei sak om fylkesvegstrategi. Det vart semje om å lyfte fram arbeidet med å utbetre flaskehalsar, og rådet understreka behovet for utbetring av attståande strekningar på dei strategisk viktige fylkesvegane i vårt område. Fylkesvegstrategien skal vedtakast i juni 2022, og nytt handlingsprogram i desember 2022, og dette er to viktige prosessar som Vest-Telemarkrådet kjem til å jobbe mykje med framover.

Sakslista for neste møte i Vest-Telemarktinget vart fastsett. Dette møtet går av stabelen i Fyresdal den 7. desember. Her skal budsjett og arbeidsprogrammet handsamast, og det skal veljast ny regionordførar og regionvaraordførar. 

Høgdepunktet for turen var likevel møtet med stortingsrepresentanane frå Telemark. Det var eit godt og innhaldsrikt møte der alle kommunane fekk presentere seg, og det vart diskusjon om tema som til dømes kraft, næringsutvikling, barnevernsreform, inkludering, kommuneøkonomi, forenkling, politi og domstol, villrein og mykje anna. Stortingsrepresentantane fekk mange konkrete innspel som dei tek med seg vidare, og det blir tett kontakt med benken i ulike saker framover.

Back To Top