skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet tok turen til Sølvgarden i Rysstad for å ha møte med Setesdal Interkommunalt politisk råd 18.-19. oktober. Mange aktuelle saker sto på dagsorden.

Vest-Telemark og Setesdal er like på mange måtar. Det er dei regionane med størst areal og færrast innbyggjarar i sine respektive fylke. Den regionale identiteten er sterk, og Setesdalskulturen er nyleg innlemma på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. I regionrådssamanheng består Setesdal IPR av Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral kommunar.

Kraftproduksjonen i dei to regionane er betydeleg, med ein samla produksjon i normalår på vel 7 TWh. Det er omlag 5 % av samla norsk vasskraft. Felles utfordringar handlar om kor stor del av verdiskapinga som blir att lokalt, og særleg moglegheiten til å foredle krafta gjennom industrietableringar i eigne kommunar.

Suleskarvegen knyt saman Vest-Telemark og Setesdal med Rogaland/Stavanger. Vegen er ein viktig turistveg,  og ein ordførar omtalte det som «å skru på ein brytar» når vegen opna kvar vår. Det er brei semje om å satse vidare på utvikling av sjølve vegen og marknadsføring av snarvegen mellom aust og vest. 

Arealpolitikk og utfordringar knytt til bruk og vern, spreidd busetting og utvikling av kommunane vart diskutert. Setesdal IPR har vist stor interesse for småbruksprosjektet, og Vest-Telemarkrådet presenterte korleis prosjektet er organisert, finansiert og korleis ein jobbar.

Tida fram til lunsj gjekk fort og det var tydeleg at det var eit svært nyttig møte og at det er fleire område å samarbeide om framover.

Etter mat hadde Vest-Telemarkrådet eige møte. Her var det mellom anna orientering om etablering av fylkessenter i Seljord, diskusjon om finansieringsmodell NAV Vest-Telemark og handsaming av høyringsuttaler for fylkeskommunen sin reiselivsstrategi og strategi for forsking, innovasjon og næring.

Neste møte i Vest-Telemarkrådet er 16. november. Då går turen til Oslo for å ha møte med telemarksbenken på Stortinget.

 

Back To Top