skip to Main Content

Småbruksprosjektet samla ulike aktørar til engasjerande workshop i Morgedal 8. september.

Geir Lyngaas frå Distriktssenteret fortalde om Distriktssenteret og om busetting og attraktivitet sett i ljos av eit småbruksprosjekt. Han peika på at unge er ganske sterkt motiverte for å busetje seg i ein distriktskommune. Det er viktig å jobbe systematisk, slik at ein klarar å vere attraktiv som bustadområde etter at prosjektet er over. Viktig å innarbeide gode arbeidsmåtar og rutinar som blir følgd opp. Kvar folk vel å busetje seg handlar om meir enn bustaden. Det handler om kvaliteten ved staden, nabolaget, bumiljøet etc. Viktig at kommunane tenkjer boligutvikling for alle livsfaser, for å sikre ein velfungerande bustadmarknad. Innflyttarar har ikkje innebygd “stay-faktor,” difor er det heilt avgjerande å møte folk på ein god og inkluderande måte.

Rune Alexandersen og Elene Martinsen frå Tekstgården fortalde om sine erfaringar med å hoppe på draumen og kjøpe eit småbruk i Vråliosen. Dei er opptekne av at kommunane må bidra til å byggje ein god kultur for korleis ein tek imot innflyttarar, og at det er den beste måten for å skape ambassadørar for ei bygd eller ein kommune. Ambisjonen for garden Sør-Rui er at det skal vere ein stad der dei får brukt sin kompetanse og erfaringar, og ein stad det skal vere godt å kome for ulike grupper. Sjå gjerne videoane deira på Youtube.

Knut Arne Gurigard frå Regionrådet for Hallingdal snakka om deira småbruksprosjekt “Lys i alle glas,” som blei starta i 2007. Dei henta inspirasjon frå det førre småbruksprosjektet i øvre-Telemark, og det er positivt at regionar lærer av kvarandre. Fokus på busetting, 12 kommunar over 3 regionar. Mål om 100 bruk med busetting. Det vart gjennomført ein grundig kartleggingsprosess per kommune. Oppfølging av eigarar tok mykje tid, men var heilt avgjerande for å lykkast. Etter prosjektperioden var det semje om vidare oppfølging kommunevis, med konkret samarbeid, dedikert ansvar og jamn informasjon, men dette vart i varierande grad følgd opp. Prosjektet enda nær målsettinga, men det er tydeleg at potensialet framleis er stort.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark var representert ved seniorrådgjevar Anne Aasmundsen og jurist Elisabeth Hammer. Hammer snakka om Statsforvaltaren si rolle i landbrukssaker. Dei handsamar i hovudsak klagesaker. Kommunen kan etter konsesjonslova leggje avgjerande vekt på hensynet til busetting, og grunngje dette i handsaming av søknader om konsesjon. Aasmundsen presenterte satsinga Areal ute av drift. NIBIO sitt anslag var at 11 % av jordbruksarealet i Vestfold og Telemark er ute av drift. Satsinga har som mål å kvalitetssikre tala og få kunnskap om desse areala, for å kunne intensivere innsatsen for å få meir av arealet tilbake i drift. 

Karl-Otto Mauland frå  fortalde om deira arbeid innan landbruk. Som regional utviklingsaktør er mykje av arbeidet forankra i planar og strategiar. Dette kan verke teoretisk, men er viktige verktøy for utviklinga av næringa og samfunnet. Fylkeskommunen har ansvar for det regionale næringsprogrammet for landbruk. Dei sit òg med midlar til regionale tilretteleggingstiltak og tiltak for rekruttering og kompetanseheving. Viktige strategiar som angår landbruket er no på høyring: reiseliv, forskning, innovasjon og næring, og kompetanse. Mauland oppmoda salen til å engasjere seg i høyringsrunda. Landbruk knytt til mat og opplevingar er sentralt i samarbeidet Fjellnettverket, der fylkeskommunen, Vest-Telemarkrådet og Vinje er medlemer. 

Status for småbruksprosjektet: Per no er 171 eigedomar kontakta. Av desse er det 21 som er i salsprosess og 89 som har sagt nei til sal eller utleige. 61 eigedomar er uavklarte, og vil bli følgd nærare opp.

Back To Top