skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet var samla til eit innhaldsrikt møte i vårlege Treungen den 18. mai.

På sakslista sto mange orienteringar om viktige tema for Vest-Telemark. Distriktspsykiatrisk senter (DPS) vart presentert ved seksjonsleiarane Kari Roko Tveiten og Christiane Engebretsen og klinikksjef Lars Ødegård. DPS Øvre Telemark har to lokasjonar: På Notodden er det ein allmennpsykiatrisk poliklinikk og ein sengepost med 9 senger for allmennpsykiatri. I Seljord ligg ein allmennpsykiatrisk poliklinikk og ein sengepost med 9 senger for pasientar med psykoselidingar. Samarbeidet mellom einingane er godt. Av utfordringar framover er at det er krevjande å rekruttere overlegar til DPS, og uro knytt til einsemd og dårlegare psykisk helse blant fleire no i coronatida, 

Ordførarene stilte spørsmål kring kapasitet og nedbygging av tilbodet, og uttrykte eit stort ynskje om at det samla psykiatriske tilbodet blir meir heilskapeleg og at samarbeidet med kommunane blir utvikla. 

Den Norske Kyrkje jobbar med ei utgreiing som presenterer ulike alternativ til omorganisering av fellesråda. Ein aktuell modell er å slå saman fellesråda til prostifellesskap. Status for arbeidet vart presentert av Martin Stærk, kyrkjeverje i Bø og leiar i Norges kirkevergelag, og Asgeir Sele, prost i Øvre Telemark. Dei la vekt på at kommunane måtte vere tydelege på kva dei meinte, når utgreiinga kjem på høyring. Fleire av ordførarane uttrykte skepsis til å sentralisere kyrkja og fjerne seg frå kommunane.

Det var sett av mykje tid til dialogmøte med Statsforvaltar Per Arne Olsen.  Mange aktuelle tema vart diskutert, mellom anna tilsyn, innsigelsar, handtering av covid-19, skjønnsmidlar og rovvilt. Statsforvaltaren sette pris på tydelege attendemeldingar frå rådet, og oppmoda til tett kontakt framover. 

Stian Hauge frå Str8line utfordra rådet på å arbeide for at kommunane skal auke kompetansen på byggherrestyring. Etter litt diskusjon konkluderte rådet med at rådmennene skulle vurdere saka meir i detalj, før den eventuelt kjem til politisk handsaming. 

Rådet vedtok 3 uttaler: 

  • Høyringsuttale til NOU 2021:2 Kompetanse, aktivitet og inntektssikring, som handlar om korleis ein kan inkludere fleire i arbeidslivet. 
  • Høyringsuttale til NOU 2021:6 – om korleis myndigheitene har handtert coronapandemien.
  • Støtteuttale til etablering av ein forskingspark ved USN i Bø. 
Back To Top