Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemarktinget var samla til digitalt tingmøte 20. april. Fleire viktige saker og orienteringar var på agendaen.
Regionrådsleiar Anne Aasmundtveit la fram rekneskap og årsmelding for 2020. Det er høg aktivitet og mange satsingar på gong for å utvikle Vest-Telemark. Tinget vedtok begge dokument utan merknadar.
Prosjektleiar Linn Johnsen og rådgjevar Solveig Prestegard frå Klimanettverket i Vestfold og Telemark presenterte sitt arbeid. Det er eitt av fleire tematiske nettverk som er organisert av fylkeskommunen for å få fleire til å samarbeide om felles mål. Ambisjonen til fylkeskommunen er å redusere klimagassutsleppa med 60 % innan 2030. Nettverket arbeider med klimarekneskap og -budsjett, systematisk klima- og miljøstyring, innkjøp og investeringar, og deling av gode idear og erfaringar. Klimanettverket har per no 44 medlemar.
Småbruksprosjektet er no i ei pilotfase, og det er sendt brev til til saman 81 eigarar av 68 eigedomar i Tokke, Kviteseid og Nissedal. Det er stort engasjement og mange som tek kontakt og ynskjer småbruk i regionen. Eitt prioritert område no er å følgje opp eigarane på ein god måte for å bidra til å få flest mogleg småbruk ut på marknaden. Det blir arbeidd med organisering og finansiering av eit hovudprosjekt.
Nasjonal Transportplan 2022-2033 er lagt fram, og stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen orienterte tinget om kva som ligg i denne. Det er lagt opp til bygging av Røldalstunnel på E134 i Ullensvang og strekninga Saggrenda – Elgsjø innan 2027. På rv.41 er det sett av midlar til å utbetre strekninga mellom Treungen og Vrådal. Vest-Telemarktinget er opptekne av at det kjem signal om vidare utbygging på E134 mot Vågslid, at bygging av gang- og sykkelveg og nytt kryss ved Kviteseid sentrum blir realisert, og at punkt på dagens E134 som er krevjande for tungtrafikken blir utbetra. Stortinget skal handsame transportplanen før sumaren.
Samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland orienterte om utgreiing om tettare samarbeid mellom tenestekontora i kommunane Tokke, Nissedal og Fyresdal. Ei arbeidsgruppe vil snart leggje fram ein rapport som skal handsamast i dei tre kommunane, og dei andre kommunane i Vest-Telemark blir invitert inn i arbeidet.