Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Koordinator digitalisering og velferdsteknologi
Vi søkjer ein dyktig, målretta og engasjert koordinator som kan leie våre 6 kommunar inn i framtida og bistå dei i arbeidet med digitalisering og velferdsteknologi.
Vest-Telemarkrådet jobbar etter ein digitaliseringsstrategi med tilhøyrande handlingsplan og vidareføring av eit 2-årig prosjekt innan velferdsteknologi.
Arbeidsopppgåver
- Pådrivar for å realisere og vidareutvikle digitaliseringsstrategien og satsinga på velferdsteknologi for Vest-Telemark
- Planlegge, leie og organisere ulike digitaliserings– og velferdsteknologitiltak i kommunane
- Bistå kommunale fagområde med innovasjons- og rådgjevingskompetanse
- Overordna forståing for samanhengen av dei digitale løysingane som blir nytta i kommunane og vera bindeledd mot regionale og nasjonale digitaliseringsinitiativ
- Medverke til implementering av digitale løysingar og velferdsteknologi for kommunane i Vest-Telemark
- Følge opp aktuelle rammeavtaler innanfor digitalisering og velferdsteknologi og medverke til nye avtaler
- Vidareutvikle tverrfaglege samarbeid og nettverk saman med kommunane
- Sekretær og støttespelar for ulike fagfora i kommunane
Søkjar bør ha
- Mastergrad/bachelorgrad frå relevant fagområde
- Erfaring frå offentleg forvalting innan arbeid med digitalisering, velferdsteknologi, informasjonstryggleik og personvern
- Erfaring frå innovasjon, tenesteutvikling og gevinstrealisering, samt kunne vise til konkrete resultat innan desse områda
- God system- og organisasjonsforståing
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Skriftleg målform er nynorsk
Vi legg vekt på
- Du er strukturert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er løysingsorientert, framtidsretta og har god gjennomføringsevne
- Du er engasjert og skapar entusiasme
- Du er omgjengeleg og ein relasjonsbyggjar
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Kontorstad i innovativt og hyggeleg miljø i næringshagen i Kviteseid sentrum
- Spennande arbeidsoppgåver saman med dyktige medarbeidarar i kommunane
Det er krav om førarkort og eigen bil.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av relevante vitnemål og attestar leverast på intervjuet.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid kjem fram av gjeldande lover og reglement. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25.
Vil du vite meir?
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit på e-post aa@vt-radet.no eller telefon 402 38 178
Søknad med CV sendast Vest-Telemarkrådet på e–post: aa@vt-radet.no
Søknadsfrist: måndag 10. mai 2021
Vest-Telemarkrådet er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane. Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Vest-Telemark har som visjon å vera ein levande region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal regionen vera attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving.