Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemarkrådet var samla til innhaldsrikt møte i Fyresdal 16. mars.
Rådet fekk orientering om fleire viktige tema. Telemark Lys har fått midlar til Forskarpatruljen, som er eit opplegg der dei mellom anna besøker barnehagar og skular i Vest-Telemark. Ungane får praktiske øvingar og lærer seg realfag og programmering på ein engasjerande måte.
Carolina Toll, som er prosjektleiar for Digi TV (Digitale Telemark og Vestfold), orienterte om status i prosjektet. Målet er å få kommunane til å samarbeide om digitalisering og få betre tenester til innbyggjarane. Saka kjem til handsaming i kommunane i løpet av våren.
Utviklinga av det vidaregåande skuletilbodet i Vest-Telemark er noko politikarane er svært opptekne av. Fylkeskommunen jobbar no med ei sak om korleis tilbodet ved Vest-Telemark vidaregåande skule kan styrkast, og var invitert til møtet for å få innspel. Sakshandsamar Jan Gullik Sørbø og rektor John Erik Robertsen innleia, og fekk mange tydelege innspel frå ordførarane. Rådet arbeider no med eit innspel til fylkeskommunen.
Av andre saker handsama rådet høyringsuttale til demografiutvalet si utgreiing, strategi for utviklinga av vegnettet i regionen, støtte til at Venelifjell i Kviteseid blir nasjonal turiststi og vidareføring av stilling for prosjekta digitalisering og velferdsteknologi. Tradisjonen tru handsama rådet rekneskap og årsmelding for Vest-Telemarkrådet 2020, og desse blir endeleg vedteke av Vest-Telemarktinget på deira møte 20. april.
Sjølve rådet satt fysisk i møterom Roan, men det var òg god deltaking på Teams frå fylkeskommunen, statsforvaltaren og KS.