Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemarkrådet satsar på velferdsteknologi, og har fått 1,6 millionar i tilskot frå staten til kjøp av nettbrett i 2021. Nettbretta er enkle i bruk og tilpassa dei som har vanskar med å gjera seg nytte av smarttelefon. «Me bur i ein region som har lange avstandar til familie og vener. Situasjonen me er i no gjer kanskje denne avstanden enda større», seier initiativtakar og prosjektleiar for velferdsteknologisatsinga Anne Guro Hommo.
«Det er viktig for oss at nettbretta er enkle å bruke i samtale med familie og vener», presiserar Hommo.
Vest-Telemarkrådet samarbeider med frivillige organisasjonar som Røde Kors, sanitetslag og helselag i kvar kommune som vil levere ut og følgje opp korleis desse nettbretta fungerar over tid. Målgruppa for satsinga er både heimebuande og dei som bur på institusjon.
Har du, eller kjenner du nokon som kanskje ønskjer ei slik løysing? Ta kontakt med Trine Eknes på telefon 482 86 139 eller Anne Guro Hommo på telefon 413 24 162 for meir informasjon.
(Foto: VTB)