Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemarktinget hadde samling på Straand Hotel 8. desember. Grunna covid-19 var dette det einaste fysiske tingmøtet I 2020.
Tinget handsama fleire viktige saker for regionen. Det vart semje om å gå vidare med småbruksprosjektet, gjennom å arbeide med to pilotkommunar og utvide prosjektet etter kvart. Det var stor entusiasme I tinget kring dei positive effektene eit slikt prosjekt vil ha for regionen.
Tinget vedtok òg budsjettet for 2021. Her ligg det inne framleis satsing på velferdsteknologi og digitalisering. I tillegg er det løyvd pengar til bygningsvernsatsing ved Vest-Telemark Museum og ein garanti for at Universitet I Søraust-Noreg avdeling Rauland kan setje igong med eit etterutdanningstilbod innan spesialpedagogikk. Dette er eit fagområde det er stort behov for å styrke I Vest-Telemark.
Pål Kårbø frå E134 Haukelivegen AS og Halvor Grene frå Vegforum Aust-Vest gav ei oppdatering på arbeidet med nye prosjekt på E134. Det er full semje om at nye tunnelar over Haukeli må få byggjestart så raskt som mogleg.
Vest-Telemarkrådet koordinerer arbeidet med regional klimaplan for Vest-Telemark. Prosjektgruppa ga ei orientering om arbeidet, både på det overordna politiske planet og på kva tema og tiltak som kan vere aktuelle å ta med. Det kom fleire gode innspel I møtet. Fyrste planutkast blir lagt fram til politisk handsaming ettervinteren 2021.