skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet var samla til rådsmøte i Granvin i Seljord 17. november.

Det var eit innhaldsrikt rådsmøte, med fleire orienteringar om aktuelle saker, og førebuing til møtet i Vest-Telemarktinget i desember.

Samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland orienterte om velferdsteknologiprosjektet. Dette er ei regional satsing i Vest-Telemark. Målet er at fleire innbyggjarar skal få auka grad av sjølvstende og meistring, og utsett behov for institusjonsopphald. Fleire teknologiar er i bruk, mellom anna mobile tryggleiksalarmar og elektronisk medisineringsstøtte. Ein viktig premiss er at velferdsteknologi skal vurderast individuelt – det er bra for dei det er bra for, men det passar ikkje for alle.

Lensmann Sigrid Dahl orienterte om «Vi har ingen fleire å miste,» med bakgrunn i dei alvorlege ulykkene som har vore i Vest-Telemark dei siste åra. Ho var oppteken av at vi må jobbe heilskapeleg, førebyggjande og haldningsskapande. Skulen er ein viktig arena for å nå ungdommane. Dahl ynskjer at vi går saman om ein nullvisjon for talet på drepte og skadde ved motorisert ferdsel i Vest-Telemark.

Rådet behandla framlegg til budsjett for 2021, og fastsette sakslista for møtet i Vest-Telemarktinget den 8. desember, der 3 politikarar og rådmann frå kvar kommune møter.

Det vart òg gjort stas på kommunane Fyresdal, Vinje og Nissedal, som markerte seg positivt i ei kåring frå Unicef over kommunar som satsar på born og unge.

Back To Top