Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
No går startskotet for å få fleire innbyggjarar i Vest-Telemark til å nytte digitale tenester.
Å auke innbyggjarane si digitale kompetanse er ei viktig politisk målsetjing. Regjeringa og Kommunenes Sentralforbund har difor inngått samarbeidet Digihjelpen, der målet er faste opplæringstilbod i kvar kommune.
Vest-Telemarkrådet og kommunane har fått midlar til å starte opp dette arbeidet lokalt. Denne veka vart det halde kurskveldar for dei som ynskjer å vere rettleiarar. Nærare 25 møtte opp, noko som er eit godt utgangspunkt for dette viktige arbeidet. På kurset vart viktige tema som nettvett, personvern og korleis lære bort gjennomgått. Det var gode diskusjonar og refleksjonar med konkrete eksempel på kva som var viktig for at ei slik opplæring skal bli vellykka.
Korleis tilbodet blir organisert vil variere litt frå kommune til kommune, og vil ikkje starte opp før i 2021, grunna smittesituasjonen no.