skip to Main Content

Rundt 100 deltakarar samla seg til vegkonferanse i Bok- og Blueshuset på Notodden 23. oktober.

Dagen etter at eit fleirtal på Stortinget samla seg om å greie ut ny arm til Bergen, var det ei entusiastisk forsamling som deltok på konferansen. 

Samferdselsminister Knut Arild Hareide kalla E134 sin veg etter mange turar mellom Bømlo og Austlandet. Han slo fast at ambisjonane for E134 er høge, og var glad for at transportetatane og ser ut til å prioriterer vegen i sine forslag til satsingar. Det kjem i neste Nasjonal Transportplan til å bli eit mykje større fokus på samfunnsnytte, og statsråden meinte E134 hadde gode kort på handa i så måte.

Fleire representantar frå næringslivet var tydelege på behovet for ein betre veg og vintersikker fjellovergang. God vegstandard er avgjerande. Det går enorme verdiar over fjellet, og konsekvensane ved stengt veg og omkøyringar er enorme. 

I debatten mellom stortingsrepresentantane Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Solveig Abrahamsen (H), Bård Hoksrud (FrP) og Sverre Myrli (Ap) var det klart at det no er brei semje om ei satsing på E134.

Dei 4 fylkeskommunane langs vegen har gjort klare vedtak med høg prioritering av E134 i sine innspel til Nasjonal Transportplan. Regjeringa vil leggje fram planen til våren, med vedtak i Stortinget før sommaren. 

Konferansen vart arrangert av Vest-Telemarkrådet, Kongsbergregionen, Vegforum Aust-Vest og E134 Haukelivegen AS.

Back To Top