skip to Main Content

Vest-Telemarkrådet ynskjer å samarbeide tettare med naboregionane. 13. oktober møtte dei Kongsbergregionen til politisk verkstad i Tuddal.

Notodden, Tinn og Hjartdal er med i Kongsbergregionen, og dei to regionane har mykje til felles. E134 er ei felles transportåre, og både universitet, flyplass og sjukehus er område som ein samarbeider om å utvikle.

Dag Flåterud frå Notodden Lufthamn orienterte om planane for å skape meir aktivitet. Flyplassen har som ambisjon å vere ein motor for vekst i næringslivet, og leggje til rette for framtidas luftfart med elfly og andre teknologiar.

Etter presentasjonar av Vest-Telemark og Kongsbergregionen, bidrog både fylkesordførar Terje Riis-Johansen og fylkesmann Per Arne Olsen med sine tankar om korleis denne delen av fylket kan samarbeide og utvikle seg. Begge ynskjer at sine organisasjonar skal vere aktive og medspelarar i dette viktige arbeidet. Fylkesordføraren trakk mellom anna fram arbeidet med å lokalisere fleire offentlege arbeidsplassar til Øvre Telemark, og det at fylkeskommunen har prioritert E134 i sitt innspel til Nasjonal Transportplan.

Det var god diskusjon og mange gode innspel til korleis ein kunne samarbeide meir framover, og dette vil Vest-Telemarkrådet følgje aktivt opp.

Back To Top