skip to Main Content
Samferdselsminister Knut Arild Hareide besøkte Vest-Telemark på eit viktig samferdselsmøte regi av Vest-Telemarkrådet 


Prosjektleiar i 
Statens vegvesen Morten Ask presenterte hovudutfordringar og betydinga rv.41 har for m.a. næringslivet. Det er trafikktryggleiken som står i fokus og målsettinga er gul midtstripe på heile rv41, noko som Hareide oppsummerte var ei god og riktig målsetting. Strekninga Kvitsund- Kviteseid sentrum er det eit særskilt behov for gang– og sykkelveg. Kviteseidkleivane har sine utfordingar spesielt vinterstid. Strekninga Treungen – Vrådal langs vakre Nisser er høgt prioritert. I Agder er det Søre Herefoss-Hynnekleiv som har prioritet.  

På sikt bør det kome på plass ny bru i Treungen, som er tilrettelagt for dagens trafikkbilete.   

Politiske og lokale ambisjonar vart lagt fram ved Arve Heiberg, leiar i hovudutval for samferdsel i VT fylkeskommune. Den klåre bodskapen var at prosessen på rv. 41 må halde fram! Må ha vegsystem som fungerar! 

Gyro Heia, ordførar i Birkenes kommune, snakka om framtida til rv. 41; samfunnsnytte , årsdøgntrafikkog mot til å prioritere.  Ho understreka det gode samarbeidet som er gjort på tvers av kommune- og fylkesgrenser og med vegmyndigheiter. 

Pål Kårbø, dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS, påpeika betydinga av ein open  fjellovergang over Haukeli. Vidare sa han at det ikkje berre er asfalt det handlar om, men og klima, då det er ein stor miljøgevinst med flatare vegar på hovudtraseane 

I si oppsummering sa Hareide at han takka for gode innspel. Han understreka at han er oppteken av å få til mest mogleg veg for pengane, og at prosjekta som er løfta fram i dag var gode døme på det. Han sa at dei ikkje hadde byrja med dei konkrete prioriteringane i NTP endå, men at han håpa møtedeltakarane ville forstå prioriteringane når planen blir lagt fram neste vår. Han trekte fram det lokale arbeidet som er gjort for å få semje om utviklinga av rv. 41.  

Når det gjeld E134 har mykje skjedd, han nemnde spesielt Kongsberg og Mælefjelltunnellen. Han merka seg det tydelege kravet om ny tunnel Røldal – Liamyrane, og gjorde det klart at svaret på det kjem når transportplanen blir lagt fram. 

Statsråden takka for møtet og følte at det vart gjort slik ære på han, samt at han syns det var så flott at ordførarane møtte fram.  

Back To Top