Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Ei godt besøkt generalforsamling i E134 Haukelivegen AS, der mange sat i Vinjehuset og fleire deltok på Teams, var tydeleg i sitt bodskap: Bygg nye Haukelitunnelar raskast mogleg!
E134 Haukelivegen AS er eit viktig selskap for Vest-Telemark. Selskapet har sidan 2001 arbeidd for utbetring av transportkorridoren E134 mellom Frogn og Karmøy. Hovudprioritet er å få realisert bygginga av nye tunnelar over Haukeli raskast mogleg. Reguleringsplanar for dei nye tunnelane mellom Seljestad og Vågslid er vedtekne.
Generalforsamlinga hadde gode diskusjonar på samansetninga av styret. Roald Aga Haug (Ullensvang) held fram som styreleiar, og Edvard Mæland (Seljord) er nyvald nestleiar. Jon Rikard Kleven (Vinje) og Bengt Halvard Odden (Hjartdal) er vald som styremedlemmer frå vårt fylke. Regionrådsleiar Anne Aasmundtveit er medlem av valkomiteen.
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens Vegvesen innleia om status på aktuelle prosjekt langs vegen, med vekt på nye tunnelar og prosjekta Bakka – Solheim på Haugalandet og Saggrenda – Elgsjø i Notodden og Kongsberg.
Mangeårig dagleg leiar Børge Skårdal blei takka for innsatsen med sterk og langvarig applaus. Han har vore heilt avgjerande for å løfte opp E134 og få prioritert prosjekt.
Fokus for selskapet og eigarane framover er å jobbe for god utteljing i neste Nasjonal Transportplan, og raskast mogleg byggjestart på første nye tunnel over fjellet.