skip to Main Content
Stillingsslepp

Vest-Telemarkrådet inviterer no alle verksemder i Vest-Telemark til å vere med på eit felles slepp av ledige jobbar i regionen. Målet er å marknadsføre regionen og tiltrekkje seg fleire innbyggjarar.

Enkelt og gratis
Utviklingsleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet seier at dette er gratis for verksemdene, og at alle typer stillingar er aktuelle. -Vi vil ha alt frå sesongjobbar og vikariat til heile og faste stillingar. Det er òg mogleg å leggje inn opne søknader, der jobben finst dersom personar med riktig kompetanse søker, seier Rindal. Han legg vekt på at dette er enkelt og gratis for bedriftene. -I perioda 5.mars til 1.april kan alle leggje inn stillingsutlysing på www.vest-telemark.no. Så blir det felles slepp av stillingane den 3. april, der bodskapet blir Finn draumejobben i Vest-Telemark i påska.

Tips og råd
Rindal understrekar at Vest-Telemarkrådet ordnar alt det praktiske knytt til marknadsføring. – Vi har og laga eit skriv med tips om kva ein må hugse på når ein lyser ut og tilsett nye medarbeidarar. Vi veit det er mange verksemder som ikkje gjer dette ofte, og vi ynskjer at alle som søker skal bli møtt på ein god måte, seier Rindal.

Nå ut til mange
Ei viktig målgruppe er folk i etableringsfasa. -Det er sjølvsagt eit mål at dette kan vere eit bidrag til at fleire busett seg i Vest-Telemark. Vi ynskjer å vise fram breidda i arbeidsmarknaden og at det er jobbar til begge to. Vi har natur og kultur, og vi har og jobbar! Vi skal vise at her i Vest-Telemark får du løn både i lommeboka og i sjela, seier Rindal.

Inspirasjon
Rindal legg ikkje skjul på at inspirasjonen kjem frå Nord-Gudbrandsdal, som har gjennomført dette fleire gonger. -Sist hadde dei 170 ledige stillingar, og fekk mykje merksemd kring dette. Målet på sikt må vere at vi har minst like mange stillingar i Vest-Telemark, sier Rindal, og han varslar allereie no at det vil bli eit nytt stillingsslepp til hausten. Han oppmodar bedrifter til å bli med, og til å ta kontakt om dei har spørsmål.

Back To Top