skip to Main Content

Regjeringa har sett ned eit distriktsnæringsutval, som skal arbeide fram politikk for korleis næringslivet i distrikta kan få betre vilkår.

Utvalet inviterte til innspelsmøte i Oslo den 17. februar, og utviklingsleiar Johannes Rindal la fram innspel på vegne av Vest-Telemarkrådet, Rjukan Næringsutvikling,
Midt-Telemark Næringsutvikling og Kragerø og Drangedal kommunar.

I sitt innlegg framheva Rindal spesielt tre moment som utvalet må ha med seg i det vidare arbeidet:

1. Ressursane ligg i distrikta. Dette er eit fortrinn som det offentlege må ha som mål å styrke.
2. Mykje av løysinga på det grøne skiftet vi som samfunn må gjennom, ligg i distrikta.
3. Tilgang på rett kompetanse og god infrastruktur er ei konkurranseulempe for næringslivet i distrikta. Det offentlege har eit særleg ansvar for å motverke og utjamne dette.

Rolla til fylkeskommunen vart understreka. Den har ei svært viktig rolle for å utvikle næringslivet, sidan dei har ansvar for vidaregåande opplæring og fagskulane.
Vi ser ei utvikling mot meir fleksible utdanningsløp for å få fagkompetanse, der bedriftene i stadig større grad er opplæringsarena. Det er bra for elevane, men det er viktig
at vi har rammer og ordningar som gjer at bedriftane og fylkeskommunen har drive dette arbeidet på ein kvalitativt god måte. Ein høgare utdannings- og forskningssektor som
samarbeider tett med næringslivet i heile landet, vil og utløyse mykje verdiskaping gjennom kommersialisering av nye produkt.

Rindal trakk fram paradokset med at staten sentraliserer stadig fleire stillingar og funksjonar, samtidig som digitaliseringa skyt fart. Digitale verktøy og plattformar må
brukast til å desentralisere arbeidsplassar og tenester. Næringslivet treng tenester lokalt, og må sleppe å reise timesvis for å løyse oppgåver knytt til t.d. ID-papir, skatt og ulike løyve.
Breiband til alle må bli ein realitet, og fylkesvegane må rustast opp.

Utvalet blei invitert på innspelstur til Vestfold og Telemark. Her har vi eit godt tverrsnitt av det næringslivet dei skal betre tilhøva for.

Du kan sjå innspelsmøtet her

Back To Top