Det er mange ledige jobbar i Vest-Telemark no på nyåret! Sjå oversikt over ledige stillingar i regionen her. 25. februar blir det nytt stillingsslepp i Vest-Telemark. Då vil fleire titals…
Nærare 200 var samla til E134konferanse i Tysvær.
Uhaldbar situasjon
Vegentusiastar frå begge sidar av fjellet fekk høyre engasjerte innlegg frå politikarar, fagfolk og næringsliv. Utfordringane med dagens veg vart godt belyst. Det er svært krevjande for næringslivet å møte stengt fjell eller kolonne. Det er sterk konkurranse og knappe tidsfristar for å frakte varene mellom aust og vest, og stor belastning på både utstyr og sjåførar.
Nesten i mål
Det har i årevis vore eit stort engasjement for nye tunnelar over Haukeli. Prosjektet er byggjeklart, men det er stigande uro knytt til å få fram saka om finansiering til handsaming tidsnok. Vinje og Ullensvang kommunar og dei to fylkeskommunane er klare til å gjere sine vedtak så fort statsråden bestiller saka frå Vegdirektoratet. Ny tunnel Seljestad-Liamyrane kan få oppstart allereie i 2022, og Liamyrane-Vågsli i 2026.