skip to Main Content
Klimasamtale

Klimautfordringa – kva kan vi gjere? var hovudtemaet for årets Vest-Telemarkkonferanse. Svaret etter ein dag med ulike innlegg er utan tvil: Svært mykje!

Taktskifte

Hovudinnleiar Beate Nossum frå Footprint innleia om det taktskiftet som er på gong for å finne løysingar og få ned klimagassutsleppa. Ho framheva at det er moglegheiter for dei bedriftene som tørr å gå i front, og at vi som forbrukarar har makt til å gjere næringslivet meir klimavenleg gjennom dei vala vi gjer kvar dag.

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen fortalde om klimaambisjonane til det nye fylket. Målet er å redusere utsleppa med 60 % fram mot 2030. Miljøvenlege bygg, miljøkrav innan drift og vedlikehald og samarbeid med industrien for å få ned utsleppa er nokre av tiltaka som fylket jobbar med.

Klimasamtalen utfordra næringslivet og politikarar frå både Stortinget, fylkeskommunen og kommunen. I panelet sat regiondirektør Kristin Saga frå NHO, stortingsrepresentant Terje Aasland, fylkesordførar Terje Riis-Johansen og varaordførar i Tokke Benedikte Nes. Samtalen ble eminent leia av tidlegare NRK-journalist Bjørn Bø.

Vest-Telemark godt plassert

I fagbolken framheva strategidirektør Hans Bakke frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark at vi både må effektivisere, utvikle og omstille oss for å møte klimautfordringa. Han peika på at kommunane har ei viktig rolle i å koordinere og stille krav. Bærekraftsdirektør Inger Solberg frå Innovasjon Norge viste fleire gode døme på bedrifter i Telemark som har klart ei klimavennleg omstilling, og at Innovasjon Norge har mange verkemiddel for å stø bedrifter i ulike faser. Rådgjevar Ingvild Kilen Rørholt frå ZERO trakk fram at det offentlege kan fremje klimavenlege løysingar gjennom å bruke makta som ligg i å vere ein stor byggherre og å kjøpe varer og tenester for hundretals milliardar årleg. Styreleiar Olav Veum i Norges Skogeierforbund snakka om den viktige rolla skolen spelar i klimakampen, og at Vest-Telemark har eit stort potensiale innan både forvalting og foredling av denne fornybare ressursen.

Bevisste bedrifter

Som vanleg presenterte lokale bedrifter seg, og i år snakka dei utifrå ein berekraftsperspektiv og korleis dei ser på det i sin kvardag. Bedriftene som presenterte seg var Balanzera i Kviteseid, Dalen Handelslag i Tokke, Norconsult i Seljord, Telemark Kildevann i Fyresdal og IATA i Nissedal. Innlegga viste tydeleg at det er mogleg å vere klimabevisst og bruke det i marknadsføringa, uansett kva for bransje ein jobbar i.

Møteplass

Like viktig som foredraga inne i salen, er praten over kaffikoppen i pausane og over middagen etter konferansen. Møteplassen Vest-Telemarkkonferansen skal vere ein stad der folk knyter kontaktar og får inspirasjon som dei tek med seg heim.

Vest-Telemarkkonferansen 2021 går av stabelen den 3. februar. Hald av datoen allereie no!

Back To Top