Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemark og Midt-Telemark har mange felles utfordringar, og mykje å samarbeide om. Det er konklusjonen etter det fyrste fellesmøtet mellom Vest-Telemarkrådet og Nome og Midt-Telemark Interkommunale Politiske Råd.
Politikarar og kommuneleiing frå Nome og Midt-Telemark kom til eit Vest-Telemark bada i sol den 4. februar, og det var eit positivt og entusiastisk ordskifte i kommunestyresalen i Åmot. Det var semje om å jobbe tettare saman og koordinere seg betre i ulike saker, spesielt opp mot fylkeskommunen og Stortinget.
Saker som vidaregåande skule, politi, domstol, samferdsel, barnevern, bygningsvern og luftambulansebase vart drøfta. I eit nytt og større fylke er det viktig å samarbeide godt for å få gjennomslag for saker som er viktige for vår region. Dette fyrste møtet viste tydeleg at behovet for felles møtepunkt er stort, og alle var einige om at dette var starten på eit tettare samarbeid både politisk og fagleg.