skip to Main Content
Saman  Om  Velferdsteknologi  I  Vest-Telemark

Bilettekst: Prosjektleiarar i Vest-Telemark (f.v): Kristin Aamot (Seljord), Gry Synøve Åmlid (Fyresdal), Anne Guro Hommo (prosjektleiar), Helene Todal Skindalen (Kviteseid), Astrid Hegglid (Tokke) og Solveig Loftsgarden (Vinje). Arne Hansen Espebu (Nisseda) er ikkje til stades på bilete

Vest-Telemarkrådet har sett i gang eit toårig prosjekt for å støtte kommunane i arbeidet med innføring av velferdsteknologi.

– Satsinga på velferdsteknologi vil kunne gje brukarane auka livskvalitet og i større grad mogelegheit til å leve sjølvstendige liv. Velferdsteknologi vil også bidra til auka kjensle av tryggleik for pasient og pårørande og medverke til kvalitetssikring av tenestene i regionen, seier prosjektleiar i Vest-Telemarkrådet Anne Guro Hommo.

Kommunane i Vest-Telemark ønskjer å fokusere på fire ulike område innan velferdsteknologiske løysingar i 2020 (sjå faktaboks). Eit av områda er elektronisk medisineringsstøtte. Dette er eit apparat som minner pasienten om å ta medisinen sin ved hjelp av lyd- eller lyssignal. Nokre apparat kan også minne pasienten om å drikke vatn til medisinen eller gje andre beskjedar.

Nokre kommunar i Vest-Telemark har allereie tatt i bruk velferdsteknologiske løysingar. Deling av suksesskriterier og framgangsmåtar for å ta i bruk velferdsteknologi er allereie normalen i Vest-Telemark.

– I mindre kommunar er det ofte slik at same ressursperson fyller fleire roller, difor er det viktig at ein kan nytte erfaring og kunnskap frå kvarandre på tvers av kommunar og fagområde. Det er ingen tvil om at tilsette i Vest-Telemark har skjøn dette, seier Hommo.

– Det er ikkje sikkert velferdsteknologi passar for alle. Difor har prosjektet mellom anna hatt fokus på korleis dei tilsette kan kartleggje behovet til den einskilde brukar, og tilby velferdsteknologi der dette er aktuelt, seier Hommo

Dei fire satsingsområda i 2020

  • Mobil tryggleiksalarm er ei klokkeliknande alarm som ein kan ta med seg på tur. Denne kan vere nyttig for folk med fallfare eller svekka helse som ønskjer å bevege seg utandørs slik som før. Tryggleiksalarmen har ein knapp å tilkalle hjelp med. Då kan alarmsentralen sjå posisjonen til vedkommande.
  • GPS er ei sporbar klokke som sender signal om posisjonen til vedkommande. Dette vil vera eit tryggleiksskapande hjelpemiddel for personar med auka grad av demens eller annan kognitiv svikt.
  • Elektronisk medisineringsstøtte er ei løysing som kan minne pasientar å ta medisinen sin. Medisineringsstøtte kan vere eit godt alternativ til pasientar som ønskjer ein meir sjølvstendig kvardag. Dette kan også frigjera tid for dei tilsette, spesielt der ein køyrer langt for å levere medisinar. Dette er tid ein kan bruke på annan viktig helsehjelp. Det finst mange ulike variantar av medisineringsstøtte som kan dekke forskjellige behov.
  • Digitalt tilsyn er ein samlebetegnelse for fleire løysingar med smart teknologi. Ein kan bruke digitale tilsyn i form av sengematter, døralarmar og kamera. Denne teknologien har til felles at den gjev beskjed dersom den blir utløyst av ein uønska hending, til dømes fall.
Back To Top