UTVIKLINGSLEIAR – SAMFUNN OG NÆRING Vi søkjer ein dyktig, målretta og engasjert utviklingsleiar til å ta aktiv del i samfunns- og næringsutviklinga i Vest-Telemark. Arbeidsoppgåver Jobbe strategisk med infrastruktur, særskilt…

-Vi er svært stolte over å kunne presentere eit så godt program til årets Vest-Telemarkkonferanse, seier regionrådsleiar Anne Aasmundtveit.
Den tradisjonsrike Vest-Telemarkkonferansen blir arrangert for 17. gong den 5. februar. Tema for året er klima, berekraft og korleis vi jobbar saman i det nye fylket.
Hovudinnleiar er Beate Nossum. Ho er byråleiar i Footprint og ein av Noregs fremste ekspertar på klima- og endringskommunikasjon. Fylkesordførar Terje Riis-Johansen vil innleie om klimaambisjonane til det nye fylket, og det blir klimadebatt mellom fylkesordføraren, varaordførar Benedikte Nes i Tokke, stortingsrepresentant Terje Aasland og regiondirektør i NHO Kristin Saga.
Det blir faginnlegg ved strategidirektør Hans Bakke frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, bærekraftsdirektør Inger Solberg frå Innovasjon Norge, rådgjevar Ingvild Kilen Rørholt frå ZERO og styreleiar Olav Veum frå Norges Skogeierforbund. Seks klimabevisste bedrifter frå Vest-Telemark fortel om si verksemd. Det blir god mat og kulturinnslag undervegs.
-Dette skal vere ein konferanse for alle, der du både lærer mykje, blir inspirert og blir betre kjent med andre samfunnsinteresserte menneske, seier Aasmundtveit, som oppmodar alle til å melde seg på årets høgdepunkt via www.vest-telemarkkonferansen.no.