skip to Main Content
Fylkeslogo

Tradisjonen tru vart desembermøtet i fylkestinget arrangert på Straand Hotel i Vrådal. Det nye fylkestinget for Vestfold og Telemark behandla fleire viktige saker, mellom anna budsjettet der omtrent 5 milliarder vart fordelt.

Ordførar Bjørn Nordskog ønska fylkestinget velkommen til Kviteseid, og Olav Veum frå Vest-Telemark Næringsforum orienterte om næringslivet i regionen.

I det vedtekne budsjettet ligg det inne fleire positive ting for Vest-Telemark.

Fleire arbeidsplassar i Vest-Telemark

Fylkestinget gav tydelege føringar om at fylket skal lokalisere fleire arbeidsplassar til øvre Telemark. Dette arbeidet vil rådet og kommunane i Vest-Telemark følge aktivt opp for å styrke fagmiljø vi allereie har i regionen.

Bygningsvernsenter

Vest-Telemark har ein rik bygningsarv, med mange verna og unike bygningar som må takast vare på. Difor har Vest-Telemarkrådet og Vest-Telemark Museum denne hausten jobba med å få etablert eit bygningsvernsenter. Rådet og kommunane Tokke og Vinje har sett av midlar til eit prosjekt, og det er sendt ein søknad om bidrag frå fylkeskommunen. Fylkestinget har i budsjettet bedd om at det blir jobba fram ei sak om dette tidleg i 2020.

Klimakutt og grøn omstilling

Det nye fylket tek ei leiarrolle for å redusere klimagassutsleppa og få til grøn omstilling. Fylkeskommunen skal bygge i tre, utsleppa på transport skal ned og næringslivet skal omstille seg og skape grøne arbeidsplassar. Dette er gode signal no som Vest-Telemark skal igong med ein regional klimaplan, der samarbeidet med fylkeskommunen vil vere heilt sentralt.

Back To Top