Rådsmøtet 21. mai vart lagt til hovudstaden grunna møte med Telemarksbenken på Stortinget seinare på dagen. Rådsmøtet starta med at Eva Preede og Karl Sandsmark frå Staten vegvesen la fram…
Det nye Vest-Telemarktinget var samla i Treungen til sitt fyrste møte 10. desember 2019. Møtet starta med ein presentasjon av alle tingmedlemmar og administrasjonen i rådet.
Det var fleire viktige saker for regionen som skulle handsamast i møtet.
Ny regionordførar
Jarand Felland, ordførar i Tokke kommune, vart valt til ny regionordførar for perioden 2020-21. Han overrekte blomar og takk til Jon Rikard Kleven for vel utført arbeid som regionordførar i 2018–19. Som regionvaraordførar valte Vest-Telemarktinget ordførar i Nissedal kommune Halvor Homme.
Arbeidsprogram og budsjett
Rådet sitt arbeidsprogram for perioden 2020-21 vart handsama i rådet 12. november 2019. Programmet vart samrøystes vedteke i tinget. Budsjettet for 2020 vart vedteke med ei endring der tinget vedtok å støtte ei 2-årig satsing på bygningsvern ved Vest-Telemark Museum med kr 200 000.
Domstolstruktur
Tingmøtet drøfta framlegg til uttale til domstolstruktur. Vest-Telemarktinget meiner det i framtida må vera ein domstol i Vest-Telemark lokalisert i Kviteseid. Uttala blir sendt til justisministeren og Telemarksbenken på Stortinget.
Kraftskatt
Torfinn Opheim, styreleiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK), presenterte LVK sine synspunkt på rapporten frå kraftskatteutvalet (NOU 2019:16) og konsekvensane som foreslåtte endringar i kraftinntektene vil ha for mellom anna kommunane i Vest-Telemark.
Vest-Telemarktinget meiner at anbefalingane i NOU 2019:16 er eit alvorleg brot på den samfunnskontrakten som ligg til grunn for utbygginga av vasskraftressursar i Noreg, og at regjeringa difor må leggje rapporten til side.
Reiseliv
Lill Susan Vale i Reiselivsutvikling AS innleia til debatt om moglege val av strategi i reiselivet i Vest-Telemark. Det vart signalisert til administrasjonen i rådet at det skal bli jobba vidare med ei eventuell felles forpliktande strategisatsing. Ein viktig føresetnad er at dette arbeidet må skje i tett samarbeid med reiselivsnæringa i regionen. Det skal bli lagt fram ei sak i rådet om oppfølging av arbeidet.
Trafikkstasjonar
Jarand Felland presenterte uttale til Samferdselsdepartementet til ny struktur for statens trafikkstasjonar. Vest-Telemarktinget meiner mellom anna at oppkøyring for førarkort klasse B på Dalen må vidareførast.