skip to Main Content
Frivilligsentralane  Må  Styrkast,  Ikkje  Byggjast  Ned!

Høyringsuttale: Vest-Telemarkrådet krev at den varsla omlegginga av tilskotet til frivilligsentralane vert stoppa.

Frivilligsentralane har dei siste tretti åra bygd opp ein unik kompetanse. Dei organiserer meir enn 50 000 friviljuge, dei fleste brukar tida si på aktivitetar retta mot born, unge og eldre. Sentralane er opne for alle, og er dei fremste på å utvikle lokale løysingar på nasjonale utfordringar. Dei bidreg til livsglede, fellesskap, integrering, kompetanseheving og møteplassar, og sparer samfunnet for store kostnader årleg.

Regjeringa sitt forslag om innlemming av driftstilskotet til frivilligsentralane inn i rammetilskotet til kommunane rammar heile det friviljuge Noreg, og er dårleg grunngjeven.
Forslaget rammar regionar som Vest-Telemark svært hardt. For våre 6 kommunar vil forslaget innebere ein reduksjon på 2 millionar kroner.

Dagens modell for finansieringa av frivilligsentralane er god, rettvis og logisk. Det er ingen grunn til å endre denne.

Back To Top