Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
Vest-Telemarkrådet hadde møte på Norsk Skieventyr tysdag 15. oktober 2019. Rådet tok stilling til fleire viktige saker for Vest-Telemark. Møtet starta med to orienteringar.
Akuttkjedeprosjektet vart presentert av Kine Jordbakke, prosjektleiar i akuttkjedeprosjektet Telemark og kommuneoverlege i Seljord, og Kari Gro Espeland, samhandlingskoordinator. Akuttkjedeprosjektet, som har slagordet «Sammen blir vi enda bedre», er eit eit ekte samhandlingsprosjekt. Målet er ein samanhengande akuttkjede på tvers av forvaltingsnivå. Det er eit forbetringsprosjekt, ikkje eit forskningsprosjekt. Telemark har klart å markere seg gjennom dette prosjektet, der fokus er pasient, kommunikasjon og samhandling.
Sluttrapport for Prosjekt Spesialundervisning i Vest-Telemark vart lagt fram av Ronde Schade frå Seljord kommune. Det vart peikt på konkrete resultat og på ei felles retning i Vest-Telemark. Prosjektet avdekker eit stort behov for spesialpedagogisk kompetanse i Vest-Telemark. Generelt er det stor mangel i landet på spesialpedagogar.
For å følge opp dette har det vore arbeidd med etablering av eit kompetansetilbod på universitetet i Rauland. Dette arbeidet vart presentert av Anders Sandvik, assisterande rådmann i Vinje kommune. USN har signalisert at dei er positive til å etablere ei slik studielinje i spesialpedagogikk lokalisert på Rauland. På bakgrunn av prosjekt Spesialundervisning vedtok Vest-Telemarkrådet å oppmode USN til å opprette ei studielinje i spesialpedagogikk lokalisert på Rauland.
Utviklingsleiar Johannes Rindal ga ei kort statusoppdatering for arbeidet med bompengeutgreiinga for E-134/R41. Han la også fram eit forslag til uttale til Vestfold og Telemark fylkeskommune om etablering av eit bygningsvernsenter.
Rådet vedtok elles at arbeidet med ein felles klimaplan for Vest-Telemark skal bli iverksett.
Domstolkommisjonen sin rapport har ikkje blitt godt motteken rundt i landet, heller ikkje i Vest-Telemark. Kommisjonen sitt framlegg til ny struktur var eit naturleg tema i rådet.
På møtet signerte også ordføraren avtale om felles NAV-kontor på Dalen for heile Vest-Telemark.