skip to Main Content
Utfordrar  Rettstryggleiken  Til  Innbyggjarane!

Foto: Vest-Telemark blad

Pressemelding frå Vest-Telemarkrådet

– Dette er fullstendig uakseptabelt, seier regionordførar Jon Rikard Kleven om framlegget om å leggje ned tingretten og jordskifteretten i Kviteseid. Han varslar no politisk kamp for å styrke domstolane i regionen. Dette framlegget om sentralisering av domstolar aukar forskjellane mellom folk.

Domstolkommisjonen la 1. oktober fram si innstilling om framtidig domstolstruktur. I forslaget blir det lagt opp til å samlokalisere alle tingrettane og jordskifterettane til Skien. Det inneber at tingretten og jordskifteretten i Kviteseid og tingretten på Notodden blir lagt ned. Kleven meiner forslaget er i strid mot prinsippa som ligg til grunn for justispolitikken.

–Rettstryggleiken for den enkelte innbyggjar, kravet om likskap for loven og likeverdig tilgang til rettstenester vert utfordra med dette forslaget, fastslår Kleven. Han viser til at advokatfirma ofte etablerer seg i nærleiken av domstolane, og fryktar at innbyggjarane i Vest-Telemark får dårlegare rettstryggleik.

I Vest-Telemark er det mange rettssaker knytt til fast eigedom og hytter. Mange saker gjer det naudsynt med synfaring. Når domstolen er lokalisert langt unna betyr auka reisetid auka kostnader. I tillegg er det slik at domstolen i tvilstilfelle lettare vil droppe ei synfaring som inneber ei reisetid på mange timar, enn om synfaringa er i nærleiken av domstolen. Totalt gjev dette auka kostnader og dårlegare rettstryggleik for oss som bur langt unna ein domstol.

Regjeringserklæringa slår fast at domstolane skal vere effektive og ubyråkratiske, og ha rask sakshandsaming. Kleven meiner at domstolane i Kviteseid må styrkast dersom regjeringa skal stå ved desse lovnadane. Han trekkjer fram at rettane i Kviteseid var dei første i landet som vart samlokaliserte, og viser til at dei jobbar godt og effektivt.

– Dei ligg godt under fristane for å handsame saker. Fagmiljøet i Kviteseid er godt og det er ikkje problem å rekruttere fagfolk, seier Kleven.

Forslaget skal no på høyring og Kleven varslar ein tydeleg uttale frå Vest-Telemarkrådet og tverrpolitisk kamp mot forslaga frå kommisjonen.

– Det er logisk, lønsamt og lett å styrke domstolane i Kviteseid, avsluttar Kleven.

For fleire kommentarar, kontakt Jon Rikard Kleven på 90970143

Back To Top