skip to Main Content
Ordførar Halfdan Haugan frå Seljord (til høgre i biletet) legg ut om politireforma
Frå Stortinget møtte Bård Hoksrud (Frp), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Terje Aasland (Ap) og Lene Vågslid (Ap)
Regionordførar Jon Rikard Kleven legg ut om arbeidet med luftambulanse

Ein gong i året har Vest-Telemarkrådet møte med stortingspolitikarane frå Telemark for å drøfte viktige saker for regionen. I år fann møtet på Løvebakken stad 21. mai. Til stades frå Stortinget var Bård Hoksrud (Frp), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Terje Aasland (Ap) og Lene Vågslid (Ap).

Ordførarane frå Vest-Telemark la fram ei rekke viktige saker for Telemarksbenken. Nedanfor er ei kort oppsummering av sakene.

 

Domstolane ved Tarjei Gjelstad

Planen er at domstolkommisjonen skal legge fram ein struktur etter valet i haust. Det er tilslutning i Telemark til høyringsuttala til Vest-Telemark, men Notodden og Hjartdal er usikre. Det har vore gjennomgang av handsaming i dei ulike partia, som og sluttar seg til høyringsuttala til Vest-Telemark.

Det er stille om jordskifteretten, fokus er på tingretten.

I omorganiseringsarbeidet blir statistikk isolert sett lagt til grunn, noko som opplagt vil kunne føre til færre domstolar.

Tilbakemelding frå benken at det var viktig å stå samla. Åslaug Sem-Jacobsen opplyste i møtet om at Sp har lagt fram følgjande forslag: «Stortinget ber regjeringa om sørge for at avgjerder om samanslåing og felles leiing av vanlege domstolar jordskifterettar stoppast fram til Domstolkommisjonens fullestendige utgreiing ligg føre i 2020».

 

Sukkeravgifta ved Erik Skjervagen

Sukkeravgifta er ekstremt høg. Kombinert med 350-kronersgrensa, blir det ein vanskeleg konkurransesituasjon for norske produsentar av sukkerfri brus og flaskevatn med kunstig smak. Det er ei manglande harmonisering av dagens særavgift på sjokolade og alkoholfrie drikkevarer. Avgifta er urimeleg og slår ut feil.

Tilbakemelding: Sende spørsmål til finansdepartementet om korleis det går.

 

Vilkårsrevisjon ved Jarand Felland

Dette er ei særdeles viktig sak. Det vart gjort feil i ei anna tid. Vilkårsrevisjonen må ta inn dagens krav til miljø slik at det blir føretatt miljømessige endringar.

Tilbakemelding frå benken var at rådet bør ta temaet opp direkte med næringsministeren. Bård Hoksrud tar gjerne imot dokumentasjon.

 

Politireforma ved Halfdan Haugan

Halfdan Haugan la fram  eit opprop på tre punkt til Telemarksbenken som dei kunne ta med inn i sine partigrupper:

  1. Eg ville brukt god tid til å gjennomføre reforma på ein skikkeleg måte, og lytta til innspel frå politiet og kommunane og justert kursen viss det er naudsynt
  2. Eg ville sørga for auking av ressurser og nok folk. Auka bemanning i distrikta, ikkje bare i politidirektoratet.
  3. Eg ville ha stilt krav til innhold, til politikraft og førebygging, i byane og på bygda. Målet ville ikkje vera å leggje ned mest mogleg, men å sikre gode tenester til innbyggjarane.

 

Luftambulanse ved Jon Rikard Kleven

Det er ingen lokaliseringsstrid. Vestfold og Telemark står samla om at basen bør ligge i Vinje. Fylkesordføraren i Telemark har uttalt at han vil jobbe for at Telemark får ein base lokalisert i Vinje. Ei lokalisering i Vinje vil dekkje maksimalt av det området som i dag manglar dekning innanfor normert responstid. Den vil dekkje heile det indre Sør-Noreg. Innanfor flytid på 20 minuttar vil ein base i Vinje nå ca. 50 000 bustadhus, men det reelle folketalet er mykje høgare på grunn av hyttefolk.

 

Regionalpakke E134/R41 ved Jarand Felland

Det er er mange trafikale utfordringar på E134 og R41 som det er behov for å utbetre. Statens vegvesen har no utarbeidd ein moglegheitsstudie som skal danne grunnlag for politisk sak om bompengestasjon plassert på kommunegrensa mellom Seljord og Kviteseid.

Det er og eit sterkt politisk ynskje om statleg støtte til utbetring av farlege strekningar.

Tilbakemelding frå benken: R41 er ein forsømt riksveg.

 

Skogsleiren i Fyresdal ved Erik Skjervagen

Skogsleiren er sikra ut 2019, men ein er svært bekymra for kva som skjer vidare. Tidlegare Justisminister Anders Anundsen er engasjert i arbeidet med å oppretthalde skogsleiren. Skogsleiren tilbyr ei soning med fokus på rehabilitering. Leiren kan vise til gode resultat og er særdeles kostnadseffektiv. Dette er ein annan soningsform enn dei som soner med fotlenke eller sit i lukka fengsel. Det blir hevda at det ikkje er behov for lågrisikofengsel, at det er nok soningsplassar i landet. Men Håvet måtte bli opna igjen etter kun å ha vore stengt i nokon få veker.

Back To Top