skip to Main Content
Eva Preede frå Statens vegvesen og regionordførar Jon Rikard Kleven
Eva Preede frå Statens vegvesen presenterte "Mulighetsstudie E134/R41"

Rådsmøtet 21. mai vart lagt til hovudstaden grunna møte med Telemarksbenken på Stortinget seinare på dagen.

Rådsmøtet starta med at Eva Preede og Karl Sandsmark frå Staten vegvesen la fram rapporten «Mulighetsstudie E134/R41». Studien skal danne grunnlag for politisk sak i kommunane og fylkeskommunen om bompengefinansiering av vegprosjekt på E134 og R41.

Fylkesmannen var representert ved strategidirektør Hans Bakke og kommunerådgjevar Vibeke Resch-Knutsen for å introdusere sistnemnde som ny kommunerådgjevar.

Regionrådsleiar Anne Aasmundtveit presenterte sluttrapport om berekraftig vidaregåande skuletilbod i Seljord, eit prosjekt utført av Telemarksforskning på oppdrag frå Telemark fylkeskommune.

Det var to høyringsuttaler på saklista; ei til fylkeskommunen om kunnskapsdokumentet «Ditt og Mitt Vestfold og Telemark» og ei til Finansdepartementet om sukkeravgifta.

Til slutt førebudde rådet seg til møte med Telemarksbenken på Stortinget.

Back To Top