Innbyggjarundersøking: Klikk her Fritidsbustadundersøking: Klikk her Gjesteundersøking: Klikk her
30. april 2019 hadde Vest-Telemarktinget møte på Vinjar i Vinje. Møtet starta med ei orientering av Kristian Rantala, som er dagleg leiar for det nye Vinje-senteret som no blir bygd ved Vinjar. Rantala fortalde om planane for senteret. Møtet heldt fram med handsaming av Vest-Telemarkrådet si årsmelding og årsrekneskap for 2018, presentert av regionrådsleiar Anne Aasmundtveit.
Tinget fekk så to orienteringar om samferdsel. Vy Buss AS ved regiondirektør Heidi Renholen og områdesjef Thorolf Kasin orienterte om busselskapet sine planar og tilbod når dei startar drift i Vest-Telemark i juli. Statens Vegvesen ved planleggar Eva Preede og sjefsingeniør Karl Sandsmark ga ei løypemelding om det pågåande arbeidet med moglegheitsstudie knytt til E134 og R41.
I siste del av møtet innleia Arne Vinje, forfattar, og Benedikte Nes, listetopp for MDG i Tokke, til debatt om klima og landbruk.
Det vart servert lokalmat med Bodil Nordjorde sin signatur.