Det 2-årige prosjektet som skulle hjelpe kommunane i Vest-Telemark med å implementere velferdsteknologi, har lagt til rette for at fleire velferdsteknologiske løysingar no kan bli tatt i bruk. Les meir…
Tysdag 16. oktober 2018 heldt Vest-Telemarkrådet møte i Oslo i samband med påfølgande møte med Telemarksbenken på Stortinget.
Rådsmøtet starta med ei orientering ved Arild Sørensen, regional rådgiver- og samfunnskontakt, og Steinar Aa. Frydelund, regionrådsleder, i Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Dei la fram gode argument for lokalisering av luftambulansestasjon i Vinje eller Bykle. Hovudargumentasjonen for plassering av ein ny base i indre Telemark/indre Agder er at i dag får ikkje innbyggjarane i dette området så rask og riktig akuttmedisinsk hjelp som dei bør ha. Temaet vart drøfta med Telemarksbenken.
I kampen for bevaring og utvikling av skogsleiren i Fyresdal, var Anders Anundsen, tidl. justisminister, invitert for å tale dette fengslet sitt sak. Anundsen argumenterte sterkt og engasjerande for skogsleiren. Oppretthalding av skogsleiren var òg eit tema som vart teke opp med Telemarksbenken.
Andre tema på rådsmøtet var m.a. vegstrategi knytt både til riksvegar og fylkesvegar, revidert budsjett 2018, Vest-Telemarkkonferansen, og markering av rådets 25-årsjubileum.
Møtet med benken på Stortinget var godt førebudd då det sto mange krevjande saker på agendaen; her kan nemnast utfordringar i samband med regionreforma når det gjeld kraftinntekter, eigedomsskatt på kraft, omstrukturering av domstolane, samferdsel, ny base for ny luftambulanse lokalisert i Vinje eller Bykle, sukkeravgift på leskedrikk, oppretthalding av skogsleiren.
Frå Stortinget møtte Terje Aasland (AP), Åslaug Sem Jacobsen (SP), Lene Vågslid (AP) og Solveig Sudbø Abrahamsen (H).