skip to Main Content

Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar?

Er du nysjerrig og trur du på digital begeistring?
Som digitaliseringskoordinator vil du vera med på utviklinga i det nye samarbeidet «Digivest». Du vil ha i oppgåve å koordinere innspel, planlegge og leie prosjektarbeid – i tett samarbeid med dei seks rådmennene og fagpersonar frå kommunane i Vest-Telemark.
Arbeidet vil være allsidig, så det er viktig at du er uredd og viljug til å gripe tak i nye oppgåver. Gjennom brukarinvolvering og brukarorientert design skal du hjelpe oss med å skape ein enklare kvardag for tilsette, innbyggjarar og næringsliv i Vest-Telemarkkommunane.
Vi søkjer ein dyktig, målretta og engasjert person som kan leie våre 6 kommunar inn i framtida og bistå dei i digitaliseringsarbeidet.

FAKTA OM STILLINGA

  • Arbeidsgjevar:          Vest-Telemarkrådet
  • Stillingstittel:            Digitaliseringskoordinator
  • Stad:                            Kviteseid
  • Frist:                           5. juni 2018
  • Tiltreding:                  Snarast
  • Varighet:                    Prosjektstilling. Varigheit til juni 2021. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Vera digital begeistringsagent
  • Forankre arbeidet og skape forståing for endringar i 6 ulike kommunar
  • Leie utviklinga av tenester basert på forretningsbehov frå kommunen gjennom Digivest
  • Bistå fagområda med innovasjons- og rådgjevingskompetanse
  • Planlegge, leie og organisere ulike digitaliseringsprosjekt
  • Delta i fagnettverk regionalt og nasjonalt knytt til digitalisering, og vera fagleg oppdatert
  • Vera kommunane sin ressursperson knytt til personvern (GDPR). Del av samarbeidet i Digivest

Søkjar bør ha

  • Relevant utdanning på bachelor eller master nivå (relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning)
  • God prosessforståing for å sikre samsvar mellom forretningsmessige behov og teknologi
  • God forståing rundt teknologiske trendar generelt og kommunal sektor spesielt
  • Kompetanse og forståing for prosessdesign og endringsleiing
  • Erfaring med å navigere politisk og på tvers i offentleg sektor for å få gjennomslag for planar
  • Kan vise til konkrete resultat innafor innovasjon, tenesteutvikling og gevinstrealisering
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Målform er nynorsk
  • God oppdragsforståing og eignetheitvil bli vektlagt

Ein vil legge vekt på/personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Utåtvend og læringsvillig
  • Du er framtidsretta, kreativ og engasjert
  • Du er løysingsorientert, har sterk gjennomføringsevne, og skapar entusiasme
  • Du er en relasjonsbyggjar

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Kontorstad i hyggeleg miljø i næringshagen i Kviteseid sentrum
  • Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid framkjem av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
  • Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppfordringa ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit,

tlf. 402 38 178.

Søknad med CV sendast Vest-Telemarkrådet på epost: aa@vest-telemark.no

Back To Top