Det 2-årige prosjektet som skulle hjelpe kommunane i Vest-Telemark med å implementere velferdsteknologi, har lagt til rette for at fleire velferdsteknologiske løysingar no kan bli tatt i bruk. Les meir…
13. mars var det skipa til møte i Vest-Telemarkrådet. Seljord kommune var vertskommune, og dei inviterte dei andre Vest-Telemarkkommunane til Lien Fjellgard i Svartdal.
Orienteringssaker
IKA Kongsberg
Wenche Risdal Lund, dagleg leiar, og Torleif Lind, fagleiar, i IKA Kongsberg orienterte om tenestetilbodet og eigarfinansieringsordninga til IKA Kongsberg.
Presentasjonen Tjenestebeskrivelse som vart halden i møtet kan du laste ned her:
Lenke til informasjonsfilmen «Spor det er verdt å ta vare på».
Se filmen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=OIZ2lfQ35pQ
VIS – Veiledning, integrering og samskaping
Anders Sandvik, ass. Rådmann, presenterte prosjektet VIS; Veiledning, Integrering og Samskaping. Prosjektets visjon er å bidra til betre reell integrasjon gjennom å ta i bruk nye lærings- og refleksjonsmetoder i tillegg til dei obligatoriske samfunnskunnskapstimane i Introduksjons- programmet. Det er søkt kr. 140.000,- i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen i Telemark til dette prosjektet for 2018. Det er utforma prosjektskildring som kan lastas ned her: Prosjektbeskrivelse for VIS
Presentasjonen kan lastas ned her: VIS 13.03.18
Kunstmuseum Rauland
Dag Rorgermoen, dagleg leiar i Vest-Telemark Museum, presenterte eit framtidig skulpturmuseum i Telemark som skal formidle arbeid til anerkjente bilethoggarar frå Vest-Telemark. Presentasjonen kan lastas ned her: Nytt kunstmuseum Rauland