Det 2-årige prosjektet som skulle hjelpe kommunane i Vest-Telemark med å implementere velferdsteknologi, har lagt til rette for at fleire velferdsteknologiske løysingar no kan bli tatt i bruk. Les meir…
12. januar
Relasjonen med Fylkesmannen i Telemark har vore svært viktig for regionråda i Telemark. Samarbeidet har vore knytt til både konkrete utviklingsprosjekt, og fagleg relasjon og informasjon mellom regionråda. Kvart år får Vest-Telemarkrådet og dei andre regionråda midlar fra Fylkesmannen i Telemark gjennom ordninga med skjønnsmidlar.
Knut Ørvik er vår gode ven og kontakt i samarbeidet med Fylkesmannen, og Anne Aasmundtveit fekk eit godt fyrste møte som ny administrativ leiar i Vest-Telemarkrådet.
Tema på møtet
Først og fremst var hensikten med møtet å bygge relasjon og god kontakt administrativt mellom Vest-Telemarkrådet og Fylkesmannen, men det var naturleg og også diskutere rammene for skjønnsmidlene.
Den nye strategien for bruk av prosjektskjønn hjå Fylkesmannen er frå 2016, og har spesielt to element:
- Vurdering, prioritering og beslutning om bruk av midlene skal overlates til kommunene selv.
- Denne myndigheten skal utøves gjennom de etablerte samarbeidsordningene, regionrådene, og ikke av enkeltkommuner.
Ramma for skjønnsmidler frå Fylkesmannen til Vest-Telemarkrådet har dei siste åra vore 1.710.000,- kvart år.
I 2017 fekk Vest-Telemark løyvd ekstra midler med til saman 950.000,- kr, slik at ramma med midlar frå Fylkesmannen tilsaman var 2.660.000,- kr.
Hald saman – kommunereform versjon 2 kjem snart
Vest-Telemark har lang tradisjon med å halde saman, og samarbeide tett for å oppnå vekst og utvikling. Nå oppmodar Fylkesmannen kommunane til å gjennomføre gode samarbeidsprosjekt, og slik være godt rusta til framtida.
Lusj med Kari Norheim Larsen
Tilfeldighetene ville det slik at vi fekk sitte saman med Fylkesmannen Kari Norheim Larsen i lunsjen. Det var eit trivelig møte, og vi snakka om både samarbeidsklima og framtidsutsikter for Vest-Telemark. Nå som Vestfold og Telemark vert slått saman, vil det ikkje lenger være ein egen Fylkesmann i Telemark, og Kari Norheim Larsen har også gjennomført sin siste periode i jobben, altså 6 x 2 år i mai 2018.
Vi ser fram til å fortsatt ha god kontakt med Fylkesmannen i tida framover, og har tru på at vi også vil passe godt inn i det nye emedet med Vestfold og Telemark.