Det 2-årige prosjektet som skulle hjelpe kommunane i Vest-Telemark med å implementere velferdsteknologi, har lagt til rette for at fleire velferdsteknologiske løysingar no kan bli tatt i bruk. Les meir…

Telemark fylkeskommune gjennomførte dialogmøte knytt til ATP sin handlingsdel for 2019-22 på Bø hotell 5. september.
Samlinga var leia av Lene Hennum, som jobber i Areal og transportavdelinga i Telemark fylkeskommune.
ATP
ATP står for Areal og Transportplan, og er ein strategisk overordna plan for Regional plan for samordna areal- og transport for Telemark 2015-2025.
Bakgrunn

Møte vart innleia av fylkesordførar Sven Tore Løksli, og er eit ledd av ein lenger prosess, der dette møtet ivaretar medverknad for handlingsplanen for 2019-2022. Fylkesordføraren understrekte at rolla fylkeskommunen har er å styrke kommunanes arbeid med å gjere kommunane attraktive og bærekraftige, og dei har rolla som pådrivar og leiar av felles arbeid innanfor areal og transport i heile fylket.
Prosessen med strategiar og handlingsplanar
Dei overordna strategiane har handlingsplanar med investeringsprogram, og desse før handlingsplanen vert sendt på høring og vidare til endeleg politisk vedtak som gjennomførast.

Overordna strategiar
- Satse på hovudferselsårer
- Trygging av skulevegar
- Styrke kollektivknutepunkt
- Effektivisere transportsystemet
- Styrke byar og tettstader
Handlingsplanen
Handlingsplan med investeringsprogram, har ein varighet på 4 år. Tiltaka er organiserte etter dei overordna strategiane som gjeld frå 2015-2025. Regional plan for samordna areal- og transport for Telemark kan du sjå her: Regional plan for Samordna areal- og transport for Telemark 2015-25
Gjeld også stadsutvikling
Areal og transportplan gjeld også bruk av areal, og korleis kommunane ynskjer å utvikle sine tettstadar og prioritere bruk av areal. Statens vegvesen ved Gro Rønningen peika på viktigheten av gode planar frå kommunane, som vert grunnlag for planlegging av infrastruktur og mellom anna veg og hovudferdsårer.
Kafedialog

Innspel og medverknaden vart praktisk gjennomført gjennom såkalla kafedialog med blanda grupper av dei frammøtte.