På oppdrag for Telemark fylkeskommune har Menon Economics evaluert etablererveiledningstjenesten i Telemark. Målet med oppdraget har vært å kartlegge effekter av innsatsen, samt om oppdraget er tilpasset og løser behovet…
Flest frå Kviteseid og Vinje
Til no er det størst pågong frå Vinje (18) og Kviteseid (24), og ein har kontaktpunkt med mange ulike problemstillingar, slik det også har vore tidlegare år for etablerertenesta.
Vi ser at fram til no har det vore ein større pågang enn tidlegare år, og dette kan ha mange forklaringar, utan at vi har klare svar på dette no. Det er heilt klart mest aktivitet dei fyrste månandane i året, og seinare er det kortare mellom kvar etablerarsak.
Få næringsfaglege vurderingar
Tidlegare har såkalla «Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar» vore mykje nytta teneste av etablererkontoret i Vest-Telemark.
Fakta om Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar
Forskrift om dagpengar under arbeidsløyse av 26. november 1996 § 5-1 tredje ledd fastset at ein dagpengemottakar som søkjer om å få behalde dagpengar under etablering av eiga verksemd, ikkje kan få søknaden avgjort av NAV før det er innhenta ei næringsfagleg vurdering av etableringsplanane frå fylkeskommune eller kommune, evt. annan fagleg kompetent instans.
I Vest-Telemark gjennomfører Etablererkontoret i Vest-Telemark slike saker. Ei næringsfagleg vurdering bør som eit minimum innehalde:
- vurdering og konklusjon i spørsmålet om aktuelt prosjekt kan ventast å gjere stønadsmottakar sjølvforsørgjande.
- vurdering og konklusjon med omsyn til om det aktuelle prosjektet føreset både ein utviklings- og oppstartingsfase, og kor lange dei ulike fasane bør vere.
Det næringsfaglege organet bør etter eige skjøn vurdere behovet for ytterlegare opplysningar – mellom anna om det er ønskjeleg at søkjaren vert oppmoda om å møte til samtale.
Vurderinga er basert på opplysningar frå skjemaet «Søknad om dagpengar eller arbeidsavklaringspengar under etablering av eiga verksemd», med eventuelle tilleggsopplysningar.
Her er tal per kommune oppdatert i dag 14. august 2017.
Tal på etablerarar i kontakt med tenesta i 2017 | Gjennomsnittsalder etablerar | |
Vinje | 18 | 34 |
Tokke | 7 | 40 |
Kviteseid | 24 | 50 |
Seljord | 8 | 39 |
Nissedal | 7 | 37 |
Fyresdal | 5 | 51 |
Total | 69 |
Last ned pdf her: VT 2017 1408 Etablerarstatistikk
Som alltid: dersom de har spørsmål eller ynskje om fleire/andre data, så er det berre å ta kontakt.
Likeeins om vi kan bistå på andre vis.
Meir om etablererttenesta finn du her.