Ja, nå er programmet slutt. Dette har vore ein flott arena til å dele kunnskap og erfaringer, få nye verktøy, skape relasjoner og bygge nettverk. «En avslutning er begynnelsen på…

Etter to år med satsinga «ByR i Vest-Telemark», har det lykkast regionen å få midlar på tiltak vi har jobba med i denne perioden. Vi ser at mellom anna fokus på tre og miljø er område det jobbast godt på.
Før sommarferien kunne Fylkesmannen melde at Telemark fekk heile 10% av tildelinga frå den statlege ordninga «Klimasats».
Det dreier seg om to prosjekt i Vest-Telemark:
- Urbanisering, fortetting og grønt bumiljø i sentrum, fekk 900.000,- kr (Kviteseid)
- Nettverk for bygg i tre, fekk 275.000,- kr (Fyresdal)
Heile oversiken over tildelinga av miljøkroner til Telemark kan du sjå på Fylkesmannens heimesider her:
https://www.fylkesmannen.no/Telemark/Nyheter/15-millioner-til-klimatiltak-i-Telemark/
Godt samarbeid over tid fører fram
Styringsgruppa som jobber med ByR (By og regonprogrammet i Vest-Telemark) består av ein representant frå kvar kommune:
- Elisabeth Lid, Kviteseid
- Edvard Nesland, Fyresdal
- Gunhild Austjord, Tokke
- Asbjørn Storrusten, Seljord
- Hildegunn Rønningen, Nissedal
- Gry Åsne Aksvik, Vinje
I Vest-Telemarkrådet er det Ole Dalen som jobber som prosjektleiar (PL) og koordinerer arbeidet i Vest-Telemark.