skip to Main Content

Vest-Telemark har sett fokus på spesialundervisninga gjennom eit planlagt oppfylgjingsstudie, og søker Fylkesmannen om ekstra bevilgning på 200.000 for oppstart allereie hausten 2017.

Kommunalsjef for skule og oppvekst i Seljord kommune, Ronde Schade har med seg dei andre kommunane og forum for utdanning i Vest-Telemark når han peiker på utfordringar knytt til spesialundervisninga generel, og vil sjå på temaet i Vest-Telemark spesielt.

Bakgrunn for prosjektet

Ronde Schade, kommunalsjef – undervisning i Seljord kommune.

For nokre år sidan gjennomførte regionen eit utviklingsprosjekt med fokus på tilpassa opplæring og spesialundervisning i forum for utdanning i Vest-Telemark. Ronde Schade var ansvarleg (PA), og arbeidet var leia (PL) av Sissel Bronken, og sluttrapport frå prosjektet «Betre læring for alle elevar» kan du laste ned her. Arbeidet førte m.a. til gode faglege drøftingar i kommunane og regionen kan mellom anna vise til sterk reduksjon i talet på tilmeldingar til Vest-Telemark PPT og låg andel av elevar med vedtak om spesialundervisning. Eit viktig mål for prosjektet sist var å fokusere på god tilpassa opplæring, slik at behovet for spesialundervisning blei redusert.

Sentrale, aktuelle spørsmål for eit nytt prosjekt vil vere:

  • Er kvaliteten på spesialundervisning god nok?
  • Korleis opplever elevar, foreldre og lærarar spesialundervisninga?
  • Kor lenge har elevar spesialundervisning?
  • Kven er det som får spesialundervisning?
  • Er nivået på tilmeldingar eller andel med spesialundervisning ein indikator på om ein har god opplæring?
  • Er det skular/kommunar i regionen som har lykkast med å etablere organisering og metodikk som reduserer behovet for spesialundervisning. Er det skular som ynskjer å vere «modellskule» i regionen og prøve ut ny organisering e modellar?

Merknad til kulepunkt 4:

«I Finland mottar 22 prosent av alle elever spesialundervisning som del av sitt ordinære undervisningstilbud (Statistics Finland, 2013). Det er imidlertid en betydelig organisatorisk forskjell mellom Finland og Norge. Mens man i Norge må gjennom et formelt vedtak for å få spesialundervisning, er det i Finland læreren i samarbeid med spesialpedagogen på den enkelte skole som definerer hvem som skal ha spesialundervisning (Hausstätter & Sarromaa, 2008). Hadde man organisert spesialundervisningen på tilsvarende måte i Norge som i Finland, ville vi altså også her hatt over 20 prosent elever med spesialundervisning. »

Kjelde: Utdanningsforbundet, Utdanningsforskning, https://utdanningsforskning.no/artikler/20-prosentregelen—omfanget-av-spesialundervisning-i-norske-skoler/

Det er ynskjeleg med eit fagleg utviklingsarbeid i VT der ein kan frå fram informasjon om eit fagområde som er særleg viktig for elevane sin opplæring. Denne informasjonen kan i neste omgang bli brukt som styringsverktøy for kommunane i regionen.

Prosjektskildring

Dette prosjektet skal ta utgangspunkt i situasjonen etter «Prosjekt betre læring i VT» for å sjå om det har skjedd endringar i korleis kommunane/skulane vurderer den ordinære opplæringa, den tilpassa opplæringa og spesialundervisninga. Prosjektet no skal ha eit særskilt fokus på spesialundervisning og ein skal leggje vekt på å få fram informasjon om korleis elevar og foreldre opplever spesialundervisninga. Prosjektansvarleg skal ta del i  med fokus på rektor, lærer og den einskilde elev.

 

Det er planlagt eit arbeid med eit omfang tilsvarande minst 60 % stilling gjennom ein lengre periode, der ein går i djubda på kva som har skjedd av praksisendringar i kvar kommune og kan jobbe med kommunane for å utvikle og organisere spesialundervisninga til beste for elevane.

  • Haust  2017: Definere prosjektet i samarbeid med kommunane. Brukarundersøking elevar-foreldre-lærar-rektor. Kompetansetiltak i form av kurs, nettverk m.m. Studietur til skular.
  • Vår 2018:  Analyse av resultat. Vurdere konsekvensar frå og med skuleåret 2018/19.
  • Haust 2018: Implementere endringar. Oppfølging av skulane og målgruppa.
  • Vår 2019: Brukarundersøking, konklusjon og avslutning.

Det kan vere aktuelt å kombinere prosjektstillinga med satsing på kompetanseutvikling i regionen frå hausten 2017, slik at stillinga blir inntil 100%. Men dette må ein vurdere i samarbeid med forum for utdanning i Vest-Telemark.

Ein kan merkje seg at fleire høgskulemiljø også har starta arbeid med å vurdere spesialundervisning i grunnskulen, jf SPEED-prosjektet https://www.hihm.no/prosjektsider/sepu/nyheter/studerer-spesialundervisningen-i-klasserommet

og at barnombodet har stilt spørsmål ved om spesialundervisninga er god nok, jf rapporten «Uten mål og mening» http://barneombudet.no/wpcontent/uploads/2017/03/Bo_rapport_enkeltsider.pdf

I Seljord vil ein neste skuleår bruke mellom 8 og 9 millionar kronar på spesialundervisning i grunnskulen. Samla kostnad for regionen kan vere mellom 30 og 50 millionar kr. Det er såleis også god grunn til å vurdere effekten av ein så stor ressursinnsats.

Organisering av arbeidet

  • Prosjekteier (e): Vest-Telemarkkommunene
  • Evt. Oppdragsgiver (hvis flere eiere): Forum for utdanning i VT
  • Styringsgruppe: Forum for utdanning i Vest-Telemark
  • Prosjektansvarlig (PA): Leiar av forum for utdanning Finn Arne Askje.

Ressursbruk

Styring og oppfølging i den einskilde kommune. Bidrag frå pilotkommunane/skulen: ca 200 t per kommune (eigeninnsats).

Total prosjektramme 1 098 000 kr dersom gjennomføring over to år med 60 % stilling. Finansiering i 2018 og 2019 føreset at VTR prioriterer prosjektet med skjønsmidlar over to år i tillegg til eventuell løyving i 2017. Ved redusert tildeling må ein vurdere innhald og målsettingar etter den aktuelle økonomiske ramma.

Finansiering 2017

Fylkesmannen i Telemark innvilga søknaden om ekstra midlar for oppstart av prosjektet hausten 2017. Det er Vest-Telemakrådet som rapporterer til Fylkesmannen på prosjektet.

Aktuelt frå NRK

NRK: Spesialundervisinga fungerer dårlig

NRK slo opp sak 23. juni om temaet, med overskrifta «Norsk spesialundervisning fungerer dårlig«. Dette tyder på at saka er svært aktuell, og at prosjektet har stor legitimitet for si gjennomføring.

 

 

Back To Top