Det 2-årige prosjektet som skulle hjelpe kommunane i Vest-Telemark med å implementere velferdsteknologi, har lagt til rette for at fleire velferdsteknologiske løysingar no kan bli tatt i bruk. Les meir…
Samarbeidsmeteorolog 2017
Denne veka har me i 9. klasse på Kviteseid skule hatt arbeidsveke, og eg, Gunhild Kvålseth har hatt jobben som samarbeidsmeteorolog i Vest-Telemarkrådet. Å vere ein i samarbeidsmeterolog i Vest-Telemarkrådet gjeng ut på å «ta tempen» på kva ungdomen i Vest-Telemark synast om samarbeidet mellom kommunane.
Måndag gjekk med til å finne ut kva eg skulle «ta tempen på», og planleggje. Eg valde å finne ut om ungdomane i Vest-Telemark hadde interesse for eit felles ungdomsråd, og byrja på å lage ei spørjeundersøking på nett, og ei side på facebook som eg kalla: Samarbeidsmeteorolog 2017: Felles ungdomsråd i Vest-Telemark?
Samtidig jobba eg med å planleggje møtet med elevane i Åmot, og spørsmåla til Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Eg hadde og eit lite møte med Ylva Nordbø, den tidlegare samarbeidsmeteorologen, for å få nokre tips og inspirasjon.
Tysdag var eg med Kjell Gunnar på pressekonferanse om vegen (E134) mellom Aust og Vest-landet. Pressekonferansa gjekk føre seg i Fyresdal. Eg lærte mellom anna kva Nasjonal Transportplan er, og kvifor det er så viktig at akkurat denne vegen vert bygd så snart som mogeleg.
Onsdag var eg fyrst til Åmot og snakka med elevane i 9.klasse. Dei var veldig lette å snakke til, og eg fekk mykje ut av møtet.
Seinare den dagen reiste me ned til Dalen.
Torsdag avslutta undersøkinga og eg skreiv rapport frå undersøkinga. Klokka 18.30 same kvelden var det kommunestyremøte i Kviteseid. Der snakka eg og fortalde litt rundt kven eg var og kva veka hadde innebera.
Eg gav og ei anbefaling. Dette er litt av den: «Det er nok eit ynskje og ei framtid for eit felles ungdomsråd i Vest-Telemark, men fyrst må ungdommane få meir informasjon.» (Det er mogleg å lese meir i rapporten, vedlegg 1)
Veka har vore travel, men veldig innhaldsrik, morosam og spennande. Eg er veldig glad for at eg i arbeidsveka mi, har fått vere samarbeidsmeteorolog i Vest-Telemarkrådet.
Vedlegg
vedlegg 1:
Rapport frå undersøkinga:
vedlegg 2:
Spørjeundersøkinga:
Her er lenke til spørjeundersøkinga.