Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar? FAKTA OM…
Saksutgreiing
Lenke med saksutgreiing til møtet 23. mai finn de her.
Innkalling til møtet
Til: ordførerane og rådmennene i kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje, + ein representant for HTV og ein representant for HVO for dei samme kommunane.
Møtetid: 23. mai kl 09:30 – 11:30
Møtestad: Tuftin Fjellgard, Totakvegen 758, 3864 Rauland
Agenda:
- Tilråding til lokalisering av nye interkommunale samarbeid i Vest-Telemark
Lokaliseringsutvalet
Medlemmene i lokaliseringsutvalet er ordførarane og rådmennene i kommunane + HTV og HVO. Utvalet er knytt til arbeidet med lokaliseringsplan for interkommunale samarbeid.
Prosjektet «Interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark» er organisert med grupper som har ulike funksjonar. Lokaliseringsutvalet har ikkje hatt møte så langt i prosjektet, og møtet 23. mai har til hensikt å ha ei omforent innstilling til spørsmål om lokalisering for dei fem tiltaka i prosjektet.
I tillegg til forslag til nye samarbeid, ligg også dei etablerte samarbeida i regionen til grunn for saka.
Møtet haldast same dag og stad som møte i Vest-Telemarkrådet, der rådmennene og ordførerane i alle Vest-Telemarkkommunane møter.
Meir informasjon om prosjektet
Meir informasjon om prosjektet finn de under «prosjekt» på nettsida. Direkte lenke, trykk her.