Det 2-årige prosjektet som skulle hjelpe kommunane i Vest-Telemark med å implementere velferdsteknologi, har lagt til rette for at fleire velferdsteknologiske løysingar no kan bli tatt i bruk. Les meir…
Kommunane i Vest-Telemark held tilskotskurs for frivillige lag og forreningar våren 2017.
Kursa vert ulike plassar i Vest-Telemark:
- Kviteseid, 23. mai kl 18-20. Stad: Telemark Næringshage i Kviteseid
- Seljord, 30. mai kl 18-20. Stad: Telebygget Næringshagen/ frivilligsentralen, Seljord
- Nissedal, 6. juni kl 18-20. Stad: Kommunehuset i Treungen
Kven kan delta?
Kurset er åpent for alle, men vi ber om at du melder deg på førehand (elektronisk påmelding i lenka under). Du vil få mest utav kurset om du har eit konkret behov for finansiering av eit tiltak, men ynskjer å lære meir om korleis ein bør førebu og gjennomføre sjølve søknadsprosessen.
Programmet (2 timar)
- Tilskotsreisa – frå idé til realisert prosjekt
- Diagnose på din søknad – kor er du?
- Eksempel, knep, fond og spillemidler
- Søk på Tilskuddsportalen
- Treng du nokon på laget – kven kan hjelpe deg vidare?
Meld deg på kurset her: