skip to Main Content

Invitasjon til pressekonferanse.  Vest-Telemarktinget ber om framskunding av byggestart for tunnelen Røldal – Seljestad på E134.

 

Stad:    Tokke kommunehus, Dalen

Dato:    Tysdag 2. mai 2017

Kl.slett: 11.00

 

I brev av 25. april ber Vest-Telemarktinget transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget medvirke til byggestart for Seljestad – Røldal i fyrste periode av NTP. Dette er også spela inn frå Telemark fylkeskommune i notat av 24. april og i nyleg høyring i komiteen.

Samferdselsdepartementet og Regjeringa har konkludert med at E134 skal vera ein av hovudvegane mellom aust og vest. Statens vegvesen sine utgreiingar viser at E134 er det aust/vest-sambandet som gjev størst nettonytte.

Vi er derfor ikkje nøgde med at dette ikkje er fylgd opp i regjeringas forslag til NTP, og ber konkret om framskunding av byggestart for tunnelen Røldal – Seljestad. Denne må få byggestart seinast i 2022/23 slik det er foreslått i grunnlagsdokumentet frå Statens vegvesen.

Vi ser det som viktig at signala frå regionen også blir kommunisert i media, og inviterer derfor til pressekonferanse.

Frå Vest-Telemarkrådet stiller dei 6 ordførarane. I tillegg deltek Børge Skårdal frå E134 Haukelivegen AS, og vi vonar også å ha representant for politisk leiing i Telemark fylkeskommune tilstades.

Velkomen til pressekonferanse på Dalen 2. mai !

Venleg helsing
Vest-Telemarkrådet
Kjell Gunnar Heggenes
Regionrådsleiar

 

Last ned dokument

Back To Top